Så er det altså eit faktum at den er her. Den kjekke eksamensperioda, då det er meininga at eg skal sitje på rommet mitt og studere til alle døgnets tider, og suge til meg alt eg kan av kunnskap, for så å ause den utav meg att ved ei fem seks anledningar i løpet av to-tre veker. Dette har, som du kanskje skjønar, svært store konsekvensar i ein eventyrar sitt liv. Det betyr enkelt og greit slutten på life as we know it. Det er slutten på ei epoke, og starten på ei ny. Eg likar den første vesentleg betre enn den andre. Om 1 veke er mi tid i New Zealand over (for denne gong), og ferda går vidare til Australia og deretter Asia. Ein aldri så liten innsats for mi eiga utdanning og framtid skulle strengt tatt berre mangle, eg er klar over det. Eg vil ikkje akkurat påstå at eg er overarbeidd. Saken er at det er så frykteleg mykje anna eg heller kunne tenke meg å bruke tida mi på. Særleg no som det går mot slutten. Ikkje berre går det mot slutten, det går også mot lysare og varmare tider, og utandørs er så veldig mykje kjekkare enn innandørs! Sånn er livet, i utland som i innland. Eksamensperiode er eksamensperiode, og det er ikkje noko for meg. Men eg har overlevd eksamensperioder tidlegare, og ser ingen grunn til at det ikkje skal ordne seg denne gongen òg, så det er vel berre å slutte å klage å fortsette å jobbe tenkjer eg! Som vanleg når eksamensrushet tek til, følger finevêret med. Det er knallfint ute om dagen, sol og varme jippijajaj. Det hjelp ikkje på studiane, men det hjelp veldig på alt anna så det er greit. No har eg berre to eksamenar igjen, av fem. Eller, eigentleg av mangle fleire, men av fem stk. på rekkje og rad. Ein på måndag, og ein på tysdag, og så er det gjort. No har eg tenkt å vere våken altfor lenge for å skrive litt blogg. 

Etter Rotorua varte kvardagen i fire dagar nok ein gong, dog for siste gong før alvoret tok til. No laug eg. Denne gongen varte faktisk kvardagen i tre dagar. Iallefall lata eg som, og tok tidleg helg. Onsdag ettermiddag fekk vi forresten premiane våre frå GOOT-Joe. Bonuspremien vår var at han kjøpte middag til oss. Gratis middag, ja takk. God middag var det også. Joe er jammen ein kjekk ein kar, derfor kjøpte vi ein saud til han. Det er viktig å passe på at Two Sheeps Team blir hugsa for evig og alltid. Kjekke GOOT- Joe med sauden:

CIMG2804

Når vi kom heim frå Rotorua hadde vi forresten fått ein ny sambuar. Ho heiter Candy og er verdas herlegste. Ho skulle så absolutt ha komt tidlegare! Kjem tilbake til det seinare, men først hadde eg ei siste helg på reisefot som må med i forteljinga. Torsdag la eg ut på eventyr på eiga hand, for første gang utan min betre halvdel. Det er ingen spøk. Uflaksen min innhenta meg på sekundet, og flyet mitt var to timar forsinka. Jauda, Auckland Airport er ikkje så aller verst, begynner å føle meg heime der etter kvart. Reisemålet var forresten Australia. Eg skal tilbake til Australia om ei veke, men ein helgetur på forskot var likevel på sin plass, syns eg. Ei litta svipptur til Brisbane, sjekke forholda. Eg tenkjer ikkje umiddelbart regn når eg høyrer Australia, men eg greidde å velge meg ut den eine helga på aldri den tid då det regna på Gold Coast. Ikkje berre ein kjapp skuring heller, men pøseregn, type: vedvarande. Ikkje at det gjorde så kjempemykje, eg fekk sett både koala og krokkodiller og kenguruar likevel, så det gjekk heilt fint. Og det var jo berre ein av fire dagar, det fekk eg berre tåle. Eg tålte det. To dagar på Gold Coast, i Surfers Paradise. Gode greier. Dessutan fekk eg tatt karusellar og the Giant Drop og andre festlegheiter i Dreamworld. Det var like kjekt i pøseregn som noko anna. Besøkte Kristin, Eline og Live, som bur i ei dødsfin leilegheit som eg er supermisunneleg på, med badebasseng på taket og alt. Det var noko anna enn Akoranga Student Village for å seie det sånn. Og så besøkte eg min nye venn Leigh, som eg vart kjend me i L.A. Gode ting. Han lagde god mat til meg, og det kjenner eg at eg ikkje har noko i mot. Andre begivenheiter: Eg køyrde bil på firefelts motorveg, fytti grisen, snakkar om grensesprenging. Volda har i grunn alltid vore vel nok for meg med sine to rundkøyringar og ikkje-eksisterande lyskryss. Sånn var det med den saken. For å vere på den sikre sida, i fare for å slite meg ut med studiar, lagde eg langhelg til superlanghelg, og kom att natt til tysdag. Australia var ikkje å forakte i det heile tatt, så no gler eg meg mykje til å reise tilbake om eitpar vekers tid. Bilete:

IMG_5213

IMG_1021

IMG_1036

IMG_1040

IMG_5245

IMG_5248

IMG_5249

IMG_5266

IMG_5270

Det var mitt siste ut-av-byen eventyr på ei stund. Heime var det tid for psykologioppgåve heile veka lang, berre avbrutt av skule og trening. Slik gjekk dagane, heilt til torsdag kom. Når ein ikkje reiser ut på eventyr utanbys får ein heller underhalde seg med det ein finn i nærområdet. Det viser seg å vere eindel brukbart tidsfordriv i tillegg til treningssenteret og volleyballnettet utanfor, så det har slett ikkje vore så verst. Dessutan er ingen dag så grå at den ikkje kan fiksast med litt pizza og chocolate fudge brownies frå Dominos pizza, levert på døra. Livet er herleg, det. Eg har no vore heime nesten fire veker på rad, og er alt i alt ganske fornøgd med det. Mykje kjekt har vi funne på, og dessutan måtte vi jo halde oss heime litt slik at vi kunne henge med ungdommen òg. Det er viktig det. Vi skal tross alt snart reise ifrå dei, og trist vert det! Den siste månaden på North Shore får eg kome tilbake til. Eg er trøytt, det er seint, og i morgon er nok ein dag. Ny oppdatering er på veg!