Det skjedde visst at eg slutta å oppdatere bloggen. Plutseleg hadde eg ikkje meir tid til den slags, og no er eg heime. Eg kom heim i til -10 grader i Oslo og -8 grader i Volda, og liker det særs godt. Heime er fantastisk! Her er det både brunost, leverpostei, makrell i tomat, TINE Mjølk, og til og med dopapir, og det er meir enn ein kan seie om Thailand. Til gjengjeld har Thailand andre kvalitetar, og eg likte meg veldig godt der, til tross for visse manglar. Det er ein del av sjarmen, sånn at folk som meg skal hugse på å setje pris på å vere norsk. Og det gjer eg, altså. No har eg vore heime ein dag og to netter. Tida har blitt godt brukt til å setje pris på dopapir og norsk mat, ta igjen søvn, og ei god dose komme-i-julestemning-arbeid, i form av mandarineting, stearinlysbrenning og julemusikk. Iver Kleive sin fantastiske jule-cd «Hyrdenes tilbedelse», for å vere spesifik. Så slik gjekk det til. Siste månaden i New Zealand og ein månads reising manglar. No som eg er heime kan eg likegodt berre fortelje om det, men det kjem nok oppdatering her likevel. Bloggen vart liksom litt som ei dagbok, og det er jo kjekt å sjå tilbake på for meg sjølv òg. Dessutan må ting fullførast sjølv om det fullførast to mnd. for seint, for eg liker ikkje uferdige ting. Så får eg skrive det for meg sjølv, om ikkje anna, men forhåpentlegvis kan fleire ha glede av det 🙂

Så er det altså eit faktum at den er her. Den kjekke eksamensperioda, då det er meininga at eg skal sitje på rommet mitt og studere til alle døgnets tider, og suge til meg alt eg kan av kunnskap, for så å ause den utav meg att ved ei fem seks anledningar i løpet av to-tre veker. Dette har, som du kanskje skjønar, svært store konsekvensar i ein eventyrar sitt liv. Det betyr enkelt og greit slutten på life as we know it. Det er slutten på ei epoke, og starten på ei ny. Eg likar den første vesentleg betre enn den andre. Om 1 veke er mi tid i New Zealand over (for denne gong), og ferda går vidare til Australia og deretter Asia. Ein aldri så liten innsats for mi eiga utdanning og framtid skulle strengt tatt berre mangle, eg er klar over det. Eg vil ikkje akkurat påstå at eg er overarbeidd. Saken er at det er så frykteleg mykje anna eg heller kunne tenke meg å bruke tida mi på. Særleg no som det går mot slutten. Ikkje berre går det mot slutten, det går også mot lysare og varmare tider, og utandørs er så veldig mykje kjekkare enn innandørs! Sånn er livet, i utland som i innland. Eksamensperiode er eksamensperiode, og det er ikkje noko for meg. Men eg har overlevd eksamensperioder tidlegare, og ser ingen grunn til at det ikkje skal ordne seg denne gongen òg, så det er vel berre å slutte å klage å fortsette å jobbe tenkjer eg! Som vanleg når eksamensrushet tek til, følger finevêret med. Det er knallfint ute om dagen, sol og varme jippijajaj. Det hjelp ikkje på studiane, men det hjelp veldig på alt anna så det er greit. No har eg berre to eksamenar igjen, av fem. Eller, eigentleg av mangle fleire, men av fem stk. på rekkje og rad. Ein på måndag, og ein på tysdag, og så er det gjort. No har eg tenkt å vere våken altfor lenge for å skrive litt blogg. 

Etter Rotorua varte kvardagen i fire dagar nok ein gong, dog for siste gong før alvoret tok til. No laug eg. Denne gongen varte faktisk kvardagen i tre dagar. Iallefall lata eg som, og tok tidleg helg. Onsdag ettermiddag fekk vi forresten premiane våre frå GOOT-Joe. Bonuspremien vår var at han kjøpte middag til oss. Gratis middag, ja takk. God middag var det også. Joe er jammen ein kjekk ein kar, derfor kjøpte vi ein saud til han. Det er viktig å passe på at Two Sheeps Team blir hugsa for evig og alltid. Kjekke GOOT- Joe med sauden:

CIMG2804

Når vi kom heim frå Rotorua hadde vi forresten fått ein ny sambuar. Ho heiter Candy og er verdas herlegste. Ho skulle så absolutt ha komt tidlegare! Kjem tilbake til det seinare, men først hadde eg ei siste helg på reisefot som må med i forteljinga. Torsdag la eg ut på eventyr på eiga hand, for første gang utan min betre halvdel. Det er ingen spøk. Uflaksen min innhenta meg på sekundet, og flyet mitt var to timar forsinka. Jauda, Auckland Airport er ikkje så aller verst, begynner å føle meg heime der etter kvart. Reisemålet var forresten Australia. Eg skal tilbake til Australia om ei veke, men ein helgetur på forskot var likevel på sin plass, syns eg. Ei litta svipptur til Brisbane, sjekke forholda. Eg tenkjer ikkje umiddelbart regn når eg høyrer Australia, men eg greidde å velge meg ut den eine helga på aldri den tid då det regna på Gold Coast. Ikkje berre ein kjapp skuring heller, men pøseregn, type: vedvarande. Ikkje at det gjorde så kjempemykje, eg fekk sett både koala og krokkodiller og kenguruar likevel, så det gjekk heilt fint. Og det var jo berre ein av fire dagar, det fekk eg berre tåle. Eg tålte det. To dagar på Gold Coast, i Surfers Paradise. Gode greier. Dessutan fekk eg tatt karusellar og the Giant Drop og andre festlegheiter i Dreamworld. Det var like kjekt i pøseregn som noko anna. Besøkte Kristin, Eline og Live, som bur i ei dødsfin leilegheit som eg er supermisunneleg på, med badebasseng på taket og alt. Det var noko anna enn Akoranga Student Village for å seie det sånn. Og så besøkte eg min nye venn Leigh, som eg vart kjend me i L.A. Gode ting. Han lagde god mat til meg, og det kjenner eg at eg ikkje har noko i mot. Andre begivenheiter: Eg køyrde bil på firefelts motorveg, fytti grisen, snakkar om grensesprenging. Volda har i grunn alltid vore vel nok for meg med sine to rundkøyringar og ikkje-eksisterande lyskryss. Sånn var det med den saken. For å vere på den sikre sida, i fare for å slite meg ut med studiar, lagde eg langhelg til superlanghelg, og kom att natt til tysdag. Australia var ikkje å forakte i det heile tatt, så no gler eg meg mykje til å reise tilbake om eitpar vekers tid. Bilete:

IMG_5213

IMG_1021

IMG_1036

IMG_1040

IMG_5245

IMG_5248

IMG_5249

IMG_5266

IMG_5270

Det var mitt siste ut-av-byen eventyr på ei stund. Heime var det tid for psykologioppgåve heile veka lang, berre avbrutt av skule og trening. Slik gjekk dagane, heilt til torsdag kom. Når ein ikkje reiser ut på eventyr utanbys får ein heller underhalde seg med det ein finn i nærområdet. Det viser seg å vere eindel brukbart tidsfordriv i tillegg til treningssenteret og volleyballnettet utanfor, så det har slett ikkje vore så verst. Dessutan er ingen dag så grå at den ikkje kan fiksast med litt pizza og chocolate fudge brownies frå Dominos pizza, levert på døra. Livet er herleg, det. Eg har no vore heime nesten fire veker på rad, og er alt i alt ganske fornøgd med det. Mykje kjekt har vi funne på, og dessutan måtte vi jo halde oss heime litt slik at vi kunne henge med ungdommen òg. Det er viktig det. Vi skal tross alt snart reise ifrå dei, og trist vert det! Den siste månaden på North Shore får eg kome tilbake til. Eg er trøytt, det er seint, og i morgon er nok ein dag. Ny oppdatering er på veg!

Eg held på å lese til eksamen. Det er kjedeleg. Eg skriv blogg istaden. Eg ligg tross alt over ein mnd. bak i oppdateringa her, og det er dårleg av meg. Eg fortsett iallefall der eg slapp, uansett. Det var Northland-roadtripen vår, som tek oss heilt tilbake til søndag 27. september. Håddu. Det hadde seg altså slik, for lenge, lenge sidan, at vi kom heim til kvardagen igjen, etter ein regnfylt roadtrip til the far far North. Det fine med å kome tilbake til kvardagen, er at kvardagen ikkje varer så overdrevent lenge. Det vil seie, no varer den heilt til 10. november, men i mitt forige liv, tenkte eg på, det som brått tok slutt då eksamenstida bestemte seg for å dukke opp, var det stort sett helg heile tida. Denne gongen varte kvardagen i fire dagar, også kalla måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Det som skjedde vidare var at torsdag ettermiddag kom, tett etterfulgt av fredag morgon, og dette er som kjent synonymt med helg. Etter at vi kom på førsteplass i GOOT-game september (veit ikkje om eg har nevnt dette før?) så måtte vi nesten kome oss ut av byen, som gode førebilete til andre GOOTarar. Vi tok buss til Rotorua, og møtte Kristin (type: Rivedal Yndestand frå Stongfjorden, og ikkje Reisegg frå Kolbotn – det er ikkje så lett å halde styr på dei). Vi slapp ho nemleg laus tidlegare i veka, og lot henne utforske New Zealand på eiga hand. Om det var ein god idè eller ikkje kan nok diskuterast. Ho endte opp med å måtte evakuere på grunn av tsunamivarsel, og gjekk glipp av Hot Water Beach, som var veldig synd. Iallefall så hadde ho funne vegen til Rotorua, og hang ut av vindauget på Central Backpackers når vi ankom fredag ettermiddag, og ho var like heil. Det skjedde fleire nevneverdige ting i Rotorua. Deriblant grade 5 white water rafting, som var heilt fantastisk. Fredag kveld tok vi det rolig. Var på kino og såg oss rundt i byen, som forresten var full av varme kjelder med boblande vatn, og det lukta ikkje kjempegodt, det gjorde ikkje det.

IMG_5160

IMG_5170

IMG_5166

DSCN1970

Laurdag morgon vart vi henta av ein raftemann, og fekk selskap av to kinesarar, mor og datter vil eg tippe. For ein god gjeng vi var. Raftinga innheldt eit 7 meter høgt fall, og fleire mindre. Eg rafta endatil nokre småfossar heilt utan raft, fordi guiden bestemte seg for å dytte meg i vatnet og nekte å plukke meg opp igjen, så fekk eg visst berre ha det så godt. Eg trudde eg skulle døy ei lita stund, men det gjekk overraskande bra, og jammen overlevde eg ikkje det også. Karina på si side fekk ride the bull. Jiiihaa. Kinesarane leika rafting, medan vi andre rafta, så det var jo ei interessant oppleving. Dei leika med åra i vassoverflata medan vi andre padla. Dessutan trengte dei ca. 10 forsøk før dei lærte seg å innta riktig stilling før eit fossefall, utan å drepe medraftarar (for ekempel meg) med årene sine. Etter at vi alle (omsider) visste kor vi skulle gjere av oss i 7-meters fallet var det ein ting til vi skulle hugse på, og det var å dukke. Det var ein ting for mykje for somme av oss (les: Karina Malene Sivertsen), og det var ikkje så greit å vere nakken til Karina etterpå. Ganske festlig å sjå på bileta, fem hjelmar og eit digert glis. Eg likar deg, Karina, din søting.

KC7_8162

KC7_8196

Legg merke til Karina framme til høgre. Hihi. Love you.

 

KC7_8202

Drukn.

KC7_8249

Sprut.

Etter raftinga trengte vi litt action cool-down, og gjekk å leika oss litt ilag med alle småbarnsfamiliane på toppen av ei gondolbane. Vi leika racerbilsjåførar, og det var kjempekjekt.

CIMG2767

CIMG2772

CIMG2773

CIMG2776

CIMG2786

Så kom søndag, nok ein grå dag. Slike dagar kan ein for eksempel fylle med zorbing. For dei som ikkje veit kva zorbing er, så går det ut på å rulle ned ein bakke inni ein gigantisk ball. Ein kunne velge mellom å vere stroppa fast, så tørr som aldri før, eller å ligge laust inni ilag med ei god dose varmevatn. Vi valgte vatn, og tok den svingete ruta. Hei kor det gjekk. Første steg var å stupe gjennom holet for å komme seg inni ballen, og det var ca her eg begynte å få problem. Var ikkje så lett å treffe, så eg tok å stupte i kanten istaden. Men eg kom visst inn likevel, fekk berre litt låkt i panna. Eg trur det mulegens kan ha vore meir normalt å vere omlag ti år å zorbe, heller enn 22, men eg trur likevel at vi hadde det minst like kjekt som tiåringane.

DSC_0122

DSC_0134

DSC_0174

Vi avslutta helga med å fôre våre kulturelle sider med eit museumsbesøk. Det var heilt ok, ganske imponerande bygg. Det er sikkert enda litt kjekkare dersom du heiter Karina og gidd å lese plakatane slikt at du veit kva du ser på. Eg las nokre av dei, det skal eg ha.

DSCN2026

The Bath House

DSCN2009

DSCN2034

Så var det det eine etter det andre øyeblikket plutseleg over. Helg slutt. Så får eg vel vere litt flink student igjen då, før eg fortsetter. Eksamenpeksamen. Blæ.

Etter nøyaktig fem dagar heime etter  tidenes ferie på sørøya, var vi klare for litt reising igjen. Siste helg i september var det også, så vi måtte jo gje alt i innspurten til GOOT-game. I løpet av dei fem dagane  eg var heime skreiv eg ei oppgåve i ernæring, og det var ca det eg rakk, i tillegg til vanlege kvardagslege sysslar og forelesningar og slikt. Onsdag kveld kom Kristin frå Australia, og fredag reiste vi på tur igjen. Leigde oss ein bil, no som Karina har blitt så flink å køyre på venstre side, og satte kursen nordover. Bilen var ein ekte rølpebil med brunt inventar, og sterk røyklukt, og fekk dermed namnet Leif Erling. Det passa seg slik.

DSCN1635_2

Desverre var vi ikkje heilt heldige med vêret denne helga, men slike detaljar bryr vi oss som sagt ingenting om. Ettersom vi måtte levere inn oppgåva før vi reiste, og sjølvsagt ikkje vart ferdige før ganske akkurat på fristen, så kom vi oss ikkje avgarde før seint på ettermiddagen, og fredag vart mest køyring. Koseleg det òg, forsåvidt, når ein har musikk og godt selskap ein kan underhalde seg med. Eg klagar absolutt ikkje. Dessutan hadde vi eit pizzastopp i Warkworth, og kva meir treng ein vell då? Fredag kveld sov vi i verdas minste hytte, med verdas fleste insekt, både døde og levande. Det var eigentleg litt ukoseleg der, og lukta gjorde det òg, så vi såg på australsk idol til vi vart trøytte nok til å få sove. Vi kom oss vekk derifrå så kjapt vi kunne neste morgon, og her er nokre av reisemåla for laurdagen:

Moreton Bay Fig, eit gigatred, og sjølvsagt GOOT-points

Moreton Bay Fig, eit gigatred, og sjølvsagt GOOT-points

Dargaville, kumera capital, Også GOOT-points

Dargaville, kumera capital, Også GOOT-points

Giant sand dunes

Giant sand dunes

Cape Reinga, nordligste punktet på New Zealand

Cape Reinga, nordligste punktet på New Zealand

Litt dårleg bilete med sjølvutløysar, men her har vi iallefall gjengen på nordkapp :)

Litt dårleg bilete med sjølvutløysar, men her har vi iallefall gjengen samla på nordkapp 🙂

Etter solnedgang på Cape Reinga køyrde vi tilbake eit stykke, og overnatta i Pukenui. Kom fram etter at det var blit mørkt, så det var ganske kjekt å vakne opp til sol og fin utsikt dagen etter!

Ny dag, nye mulegheiter!

Ny dag, nye mulegheiter!

Hostellet i Pukenui

Hostellet i Pukenui

Så fekk vi endeleg finevêr, og nytta dagen så best vi kunne. Første stopp var 90 Mile Beach, som stort sett snakkar for seg sjølv. Det vi ikkje hadde venta oss var alle verdas motoriserte køyretøy, men det var tydelegvis det store på denne plassen. Mopedar og bilar i alle former og fargar møtte oss, ganske artig syn. For å gjere det heile enda litt artigare, så kom det forsyne meg ein buss også, og den kom ikkje åleine. Vidare frå stranda gjekk turen mot Bay of Islands, med lunsjstopp og french toast i Kerikeri. Så leigde vi oss kajakar og padla oss ein tur til ei lita koseleg strand. Det kan eg like. Siste stopp for denne turen vart Whangarei Falls. Auckland neste.

90 Mile Beach

90 Mile Beach

Buss..?

Buss..?

Ønskebrønn i Kerikeri

Ønskebrønn i Kerikeri

Lunsj! :D

Lunsj! 😀

DSCN1730

K + K = Klar for Kajak

K + K = Klar for Kajak

Whangarei Falls

Whangarei Falls

IMG_5101

Wasser. Ja.

Wasser. Ja.

 Og det var DEN helga. Eg heng litt etter, men jobbar med saka! Håper alle har det betre enn best. Hejdå!

Two Sheeps Team eigde spetember, 30 poeng foran 2.plassen, HAH. That’s just way it is. Heia oss! Over 100 poeng meir enn andre plassen for flest poeng ever in the GOOT-game, og slått fleire rekorda. Flaks! Eg meinar, dyktigheit! Vi er så fornøgde at det ikkje er godt for oss. Ein stk. premie for 2. plass august, ein stk premie for 1.plass september, og ein stk bonus prize for å finne alle GOOT-folka ventar oss. Vi gler oss 🙂

 

Bææ bææ

Bææ bææ

Sjå berre her:

 

http://www.goot.co.nz/goot-stuff/goot-game/goot-game-results.html

 

On the road again

On the road again

September. Kva har vi gjort? Køyrt. Omtrent samanhengande roadtrip i ein månad, og eg likar det. Biletet ovanfor er berre eit  skrytebilete, fordi eg greidde å køyre på feil side av vegen i feil side av bilen utan å døy. I realiteten var eg stort sett kartlesar i passasjersetet, og ikkje sjåfør. Karina, som i motsetning til meg faktisk likar å køyre bil, tok seg av det meste av køyringa, og dette var ei ordning som fungerte ypperleg for oss begge. Eg er til gjengjeld ein eksepsjonelt god kartlesar, berre så det er sagt. Kvaliteten på vegane i dette landet er ikkje noko å skryte av, eigentleg. Naturen derimot, kan eg skryte av til eg vert blå. Ikkje at eg vert blå, eg vert heller mørkeraud, men det er ein annan sak. Plutseleg har eg ikkje hatt tid til å skrive på nesten ein heil månad. Eg har faktisk vore på tur, nesten utan stans i heile spetember med unntak av forrige søndag til torsdag, då eg måtte litt på skule, og skrive litt oppgåve.

Etter ein hard innspurt på skulen var det endeleg mid semester break, og eg og Karina hadde ein plan. Planen var denne: Fredag 04.09.09 Auckland – Christchurch 09.30, 20.09.09 Christchurch – Auckland 06.45. Plan slutt. For å gjere planen endå litt betre så tok vi å gjekk ut dagen før avreise. Mamma, pappa, brukte ikkje eg å vere ekstremt god på planlegging i mine yngre dagar? Eg syns nemleg å hugse det, at eg for eksempel lagde detaljerte pakkelister for å reise til Haramsøya å besøke mormor og morfar, og program for nøyaktig kva som skulle skje til eit kvart tidspunkt i bursdagsselskapa mine og slikt. Dette er tydelegvis ein eigenskap eg ikkje lenger har. Torsdag kveld spelte vi først fotballkamp, tapte så det sang, og eg øydela leggen min (den har enda ikkje blitt seg sjølv igjen), så gjekk vi ut med vår nye venn Benjamin som syklar på rickshaw. Det var triveleg. Så kom vi heim på natta, og tenkte at det var eit ok tidspunkt å begynne å pakke på. Med eit aldri så lite søvnunderskot, satt vi iallefall på flyet til Christchurch, med to herlege veker på sørøya framføre oss. Livet er ikkje så aller værst! Utsikta i flyvindauget vart betre og betre, her er dei endelause Ringenes Herre-fjella med snødekte toppar, namm!

IMG_3399

Så landa vi då, og der stod vi. Fann oss ein skranke, men dei leigde ikkje ut bil til folk under 25, så vi gjekk til neste. Denne handlinga gjentok vi eittpar gongar, før vi fekk tips om ei tavle med nr. ein kunne ringe til nokre småfirma. Vi ringte 015, og plutseleg hadde vi bil. Vi kalla han Bernt, berre fordi det passa seg, og etter nokre dagar fekk han tilnamnet Harry, etter vår gode venn Harry som vi tross alt sakna litt i skuleferien. Dei neste  16 dagane tok Bernt Harry oss med på eit eventyr vi seint vil gløyme. Dersom eg skal skrive om heile turen kjem det kanskje til å ta nærmare 254 timar, så derfor blir det heller nokre bilete og spesielt utvalgte historier som får gjere nytta denne gongen.

Reiseruta vart til slutt denne: Kaikoura – Nelson – Pupu Springs & Abel Tasman – Westport – Charlston – Greymouth – Franz Josef – Wanaka – Queenstown – Slope Point – Dunedin – Moeraki – Mt Cook – Lake Tekapo – Hanmer Springs – Christchurch. Og vi fekk sett og gjort veldig mykje på to veker, samtidig som vi hadde det veldig kjekt med innsamling av GOOT-poeng. Vi har jobba ganske hardt for å overgå det polske laget, og nok ein gong er vi ganske sikre på at vi kjem til å vinne. Men vi veit alle korleis det gjekk sist gong, så eg skal ikkje påstå noko (berre at vi har supermange poeng, og sannsynlegvis kjem til å knuse samtlege andre lag LETT). 

Nokre høgdepunkt:

Swimming with dolphins in Kaikoura

Swimming with dolphins in Kaikoura

Underworld rafting in the glow worm caves in Charlston

Underworld rafting in the glow worm caves in Charlston

Skydiving Lake Wanaka

Skydiving Lake Wanaka

Galcier Hike, Franz Josef Glacier

Galcier Hike, Franz Josef Glacier

Ski og snowboard i Queenstown

Ski og snowboard i Queenstown

Slope Point - sørligste punkt på NZ

Slope Point - sørligste punkt på NZ

Wild Life Tour i Dunedin, med pingvinar, sjøløver og sel (og visstnok ein heil gjeng sjeldne fuglar, men det var ikkje så spennande eigentleg

Wild Life Tour i Dunedin, med pingvinar, sjøløver og sel (og visstnok ein heil gjeng sjeldne fuglar, men det var ikkje så spennande eigentleg

Surfing i Christchurch

Surfing i Christchurch

Rafting i Hanmer Springs

Rafting i Hanmer Springs

Herlig blanding av norsk og engelsk her. Jaja. Eg køyrer oppramsing i dag, så her kjem nokre høgdepunkt til, type natur og denslags:

Cathedral Cliffs

Cathedral Cliffs

Ringenes Herre-skog

Ringenes Herre-skog

Pupu Springs

Pupu Springs

Harwood Hole - 200 meter djupt hol, der eg valgte å legge frå meg dekselet til kameralinsa mi..

Harwood Hole - 200 meter djupt hol, der eg valgte å legge frå meg dekselet til kameralinsa mi..

Solnedgang og selkoloni ved Cape Foulwind - Westport

Solnedgang og selkoloni ved Cape Foulwind - Westport

Punaikiki - ei av mange knallfine strender på West Coast

Punaikiki - ei av mange knallfine strender på West Coast

Tilfeldig plass - kjekke skyer

Kjekke skyer, location: uviss.

Det var iallefall ein liten smakebit. Eg kjenner at det er for mykje for meg å skrive om denne turen. Eg har sett og gjort og kosa meg alt for mykje til at eg greier å gjengje det på ein verdig måte. Spesielt interesserte får heller ta kontakt, eg fortel gjerne. Vi har hatt det heilt fantastisk, opplevd nye ting kvar einaste dag, køyrt umenneskeleg langt, og ete undøvendig store mengder cookies, sjokolade, pizza og subs. Time of my life, utan tvil. Og sist men ikkje minst har vi samla heftig mange GOOT-poeng. Nokre gongar vil eg påstå at vi faktisk gjekk litt over streken for å få det til, men det har vore verdt det. Vi elskar GOOT-game, og her er kjem eit heilt tilfeldig utvalg GOOT-bilete:

Nelson - Center of New Zealand

Nelson - Center of New Zealand

Punaikiki - Pancake Rocks

Punaikiki - Pancake Rocks

Dunedin - Derek Auchinvole, ein kompis av han som styrer GOOT (7 points for Norway

Dunedin - Derek Auchinvole, ein kompis av han som styrer GOOT (7 points)

Gigantisk Ørret i Gore

Gigantisk Ørret i Gore

Moeraki Boulders (runde steinar på ei strand)

Moeraki Boulders (runde steinar på ei strand)

IMG_4919

Hanmer Springs - Graham Frith, ain annan kompis av Joe

Graham var jammen ikkje lett å finne. Det var eigentleg ikkje med i berekningane av tid at vi skulle rekke innom Hanmer, og vi hadde derfor ikkje gjort nokon innsats på førehand for å finne Graham. Men vi visste at han var der, så vi måtte jo leite når vi først var der. Han stod ikkje i telefonkatalogen, men etterkvart som vi begynte å spørje litt rundt i byen viste det seg at dei fleste kjende han. Han er mannen som syklar posten om morgonen, og kjend for sitt engasjement i friluftsliv. Etter mykje spørjing og graving fekk vi ei adresse, og jammen fann vi ikkje Graham, heime i si eiga stove. Hyggeleg kar.

Bilen må også nevnast, før eg gir meg. Det syns eg. Støtta oss gjennom tjukt og tynt. Han blei brukt til både det eine og det andre, (klesstativ for eksempel, kjempenyttig) og gjennomgå fekk han (fysisk altså), men ikkje EIN gong hørte vi han klage. Det er bilen sin det! Her er meg og Bernt Harry i vakkert gjensyn etter at vi rota han vekk i Blenheim. Skulle berre stoppe for å ete middag, men det var visst ikkje så lett å hugse kvar vi hadde parkert han, i den firkanta byen med kun identiske gater:

Kjærleik.

Kjærleik.

Det er ganske mykje meir eg kunne ha skrive om sørøya, men det får berre halde trur eg. Eg driv nemleg og er student i tillegg, og har andre ting å ta meg til. I helga som var har Kristin kome frå Australia, dei har ferie no, og eg, Kristin og Karina reiste på roadtrip igjen, nordover. Det skal eg fortelje om neste gong eg gidd, for eg gidd ikkje no. Dessutan har Maria bursdag idag, og vi skal ete taco, hurra! Til ære for bursdagsbarnet:

Du er bra søt, glad i deg din tulling!

Du er bra søt, glad i deg din tulling!

Eg beklagar manglande oppdatering dei siste to vekene. Er ikkje alltid like lett å få tid til denne blogginga. Eg har vore flink student, skjønar dokke. Hatt ein sånn ein innspurt før ferien. Derfor har det ikkje berre blitt dårleg med blogging, men også dårleg med eventyr i det siste. Litt her og litt der har vi dog laga plass til, sjølvsagt. Nokre minieventyr her, og litt andre kjekke aktivitetar som ikkje er eventyr der. Forige søndag tok eg og Karina lesefri og reiste på minieventyr til Rangitoto Island, ei lita vulkanøy som ligg berre ein halvtimes båttur frå byen. Sjarmerande øy, med ganske vittig landskap. Lavastein med ripsbusker og andre buskvekstar oppå, og eit gigakrater på toppen. Innover-topp, rett og slett. Ikkje så mange ripsbusker eigentleg, men vedig mange andre busker. Mest tred, faktisk. Gigantiske tred til og med, som var frykteleg gøye å klatre i. Så det var hovudsakleg det vi gjorde på Rangitoto. Klatra i tred, gjekk til topps, og så gjekk vi gjennom eit par lava caves på vegen opp. Grunna manglande lommelykt gjekk vi i bekmørkret og håpte at vi ikkje støtte på digre edderkoppar. Noko vi heller ikkje gjorde, så vidt vi veit. Kamera fungerar ikkje så aller værst som substitutt for lommelykt, så vi klarte ogss rimelig bra. Eit steg, ta bilete, tre steg i antatt riktig retning, nytt bilete, tre nye steg.. Works like a charm. Iallefall med den supersterke superblitsen eg har på superkameraet mitt. Gjennom grotta kom vi nemleg, klatrande ut av eit hol i bakken. 

Sprut, sa det, for 600 år sidan, og vips vart Rangitoto til.

Sprut, sa det, for 600 år sidan, og så var det Rangitoto.

IMG_3239

Til topps.

Til topps.

IMG_3252

Så vart det omsider tid for fotballkamp. Vi tapte. Men det gjorde ingenting, for det var veldig kjekt å spele! Eg kosa meg sikkert nok for heile laget. Det kjekkaste var eigentleg etter kampen, då vi lånte ein ball og spelte berre for gøy. Deilig å koble ut litt no i desse eksamenstider. Her er eit aldri så lite herleg bilete av Ingvild i sin lånte shorts, type: 7 størrelsar for stor i herremodell. (Vi fekk nemleg beskjed nøyaktig to sekund før vi skulle gå at vi måtte huske å ha blå topp og shorts, ikkje lov med bukse. Berre at det er litt vanskeleg å hugse noko ein aldri har blitt fortalt. Festleg.) Klar for kamp!

IMG_3311

Eg kjenner at det rykkjer ganske heftig i reisefoten no, etter alt for lang tid med berre dagsturar. Fantastiske sådan. Ikkje eit vondt ord om dagsturar! Når vi er inne på temaet var vi forresten på ein aldri så liten dagstur her om dagen. Mode of transport: skateboard. Kor mange sheeps må til for å skate? Iallefall ikkje to. Dette kan vel gjerne plasserast i kategorien kjekk aktivitet som ikkje er eit eventyr.

Tryn.

Tryn.

Jauda, vi har sånnt å gjere. Fredag var det ny eksamen i anatomi. (Vidare følgjer eit altfor langt avsnitt, som eigentleg kan oppsummerast med eitt ord: syting. Så dersom du ikkje har interesse av dette, vennligst hopp til neste avsnitt, som ikkje handlar om skule.) Denne gongen skulle vi først kunne alle musklar som var agonistar og synergistar til alle dei ulike bevegelsane, og i del 2 skulle vi bruke dette til å analysere ulike styrkeøvingar. Ganske greit eigentleg, til og med kjekt faktisk. Eg likar anatomi. Likevel dukka det opp ei aldri så lita hake ved det heile. I lang tid har eg gått rundt og innbilt meg at del 2 kom til å innehalde bilete av dei ulike øvingane som skulle analyserast. Dette viste seg å stemme på ein prikk, berre ikkje på denne eksamenen, men på den vi skal ha i november. Problem. Eg kan jo namnet på ein del styrkeøvingar, men av ein eller anna merkeleg grunn var ikkje oppgåvene skrivne på norsk, og då vart det plutseleg litt verre. Så hadde vi ein og ein halv dag då, til å lære alle styrkeøvingane i anatomiboka med tre meter lange namn og ti variasjonar kvar. 115 øvingar i talet. Kjekt for oss det. Trass i panikken som inntraff når vi innsåg denne vesle realiteten, gjekk pugginga overraskande greit når ein kom inn i det. Det som er så kjekt med anatomi er at det er så himla logisk, og godt er det. Så kunne eg uansett stryke nok ein eksamen frå «to do»-lista, for så  å flytte inn op treningssenteret og legge meg i hardtrening til neste eksamen.

 

(Det skjedde visst at dette avsnittet vart syting også, så dersom du har hoppa hit kan du igrunn hoppe eit hakk til, så kjem det seg, eg lovar.) Siste helg før mid semester break, siste innsats til GOOT-game august. Sidan vi måtte nytte tida til lesing og øving til eksamen vart det ingen tur denne helga heller. Dessutan fekk vi oss plutseleg nokre polakkar som rivalar i GOOT-gamet, dei dukka opp ingenstad ifrå. Så var det berre å gjere det ein kunne, og det vi kunne var å gjere eit nytt forsøk på skattejakta som regna vekk forige gong. Laurdag tok vi dermed på oss tenkjehattane, og begynte leitinga etter skjulte clues rundt i Auckland by. Sjølv om vi fann nokre, flaug tida desverre ifrå oss. Inntill måndag ettermiddag hadde vi leda overlegent gjennom heile august. Så kom det polske laget og tok innersvingen på oss ved å løyse heile skattejakta medan VI var flinke studentar. Søndag, 84 – 80, måndag ettermiddag 84 – 109. Søren klype. Passa dårleg med eksamensperiode akkurat i innspurten, gitt. Spørs om eg må vere sint dame på telefonen og forklare AUT at dei i framtida bør bruke litt meir energi på å tilpasse desse eksamensperiodene. Litt hensyn skulle det vel vere muleg å ta til to stakkars GOOT-deltakarar. Eg som var så klar for å vinne (og så skråsikker på at vi skulle det). Nedtur. Men vi har ikkje vore så flinke å reise i det siste, eg skal innrømme det. Så det var vel til pass for oss, tenkjer eg, så får vi heller ta oss kraftig saman og gi enda litt meir i september. Vi slo nokre rekordar sjølv om vi kom på andre plass, og vi får til og med premie! Det hjalp litt. Og så fekk vi fjerd høgste poengsum nokon gong, så det er jo litt kjekt. Det polske laget som slo oss fekk også høgste poengsum nokon gong. Men Two Sheeps Team er ikkje klare til å gi opp så lett. Spesielt ikkje no som sørøya står for tur! Kven veit kor mange poeng som skjuler seg i dei trakter.. Sikkert haugevis! Vi hadde det i det minste veldig kjekt med skattejakt i helga! Skattejakta går ut på å finne utvalgte information boards, som vi må bruke til å løyse ei kode som gir oss cluet til kvar neste information board er å finne. Dersom du vil vite meir om GOOT (til dømes nøyaktig kva rekordar det norske Two Sheeps Team klarte å slå), føl deg fri til å besøke: http://www.goot.co.nz/goot-stuff/goot-game/goot-game-results.html

IMG_3334

Laurdag var eg og Karina på byen og dansa. Dessutan møtte vi Ben, som var ute å sykla fulle folk på rickshawen sin. Det var han som sykla oss når vi var på rickshawtur, for dei som ikkje hugsar denne (særs viktige) detaljen.Vi fekk gratis skyss, sjarmerande som vi er. Så har vi endeleg fått oss ein venn som også levde på 80-talet, ulikt fleirtalet i vår noverande omgongskrets. Forfriskande, verkeleg. Elles har vi hengt ut på gym’en, fleirfaldige timar per dag, øvd og øvd jevnt og trutt, og no har vi alle blitt superflinke styrketreningsinstruktørar. Så dersom du lurer på nøyaktig kva musklar du brukar i eit deadlift, eller om positiv feedback eigentleg er så viktig, så veit eg om fire stk som sit med alle svara. I dag hadde eg min praktiske eksamen, og eg fekk one arm dumbbell row, noko eg synest var heilt ok. Om to dagar skal eg leige ein bil og setje den new zealandske befolkning i fare ved å våge meg ut i dette motsette trafikksystemet. Som im eg ikkje har nok med å forhalde meg til det som er rett veg. Forhåpentlegvis er eg tilbake om eittpar veker. Så får dokke berre ha det så godt så lenge!

Har eg sagt at eg har ein veldig kjekk timeplan? Viss ikkje, så sa eg det iallefall no. Ein heilt fantastisk timeplan, faktisk, som er heilt blank (nesten) kvar fredag. Dette har truleg ein nær samanheng med at eg føler det er helg heile tida. Helg, helg, helg, vi gjer ikkje anna enn å ha helg. Det er heilt fantastisk og samtidig litt småfarleg. Istaden for å tenke «Hurra, studiedag!», så latar eg som det er heilt ok med tre dagar helg kvar veke, og tenker «hurra, endeleg helg, då kan eg gjere kjekke ting kun!» istaden. Eventyrlystne-Kristine vinn over Kristine den flittige studenten, gong på gong. Sidan siste forelesning for veka er ferdig torsdag kl. 2, ser eg at dette på sikt kan kome til å utvikle seg til eit problem. Vips så har 5 til 2 forholdet gått over i eit 3,5:3,5 forhold, og eg innrømmer at det kanskje ikkje er berre bra. No som det nærmar seg innspurten før mid semester break, er det visst eittpar ting som helst skulle ha blitt gjort. Eittpar eksamenar til dømes. Men det går seg vel til, det har ein tendens til å gjere det. Eg lever ei stund til på forige anatomieksamen, som eg eigde på, forresten. Dessutan kan eg leve ei stund på at eg fekk spele fotball på onsdag også. Det er altfor lenge sidan eg har fått leika meg med ball i ein idrettshall, og det var ganske fantastisk! Eg har begynt å få nok av tredemølla, og samtlige musklar i kroppen min har tydelegvis gjort det samme. Den har ikkje hatt det heilt godt stakar (kroppen min, altså), sidan han brutalt fekk reoppdage korleis det var å bevege seg i meir enn ei retning. Det er ikkje så greit. Den gode nyheita er at det frå no av blir fotballkamp kvar veke, yay!

 

Når vi ikkje har andre ting å ta oss til her på campus, så lagar vi som regel mat (type: usunn), for dei som ikkje har fått det med seg. Med eller utan ei god unnskyldning. Denne veka hadde vi tilfeldigvis ei særdeles god ei. Vi skuldar atter ein gong på the GOOT-game. 4 poeng til Two Sheeps Team for å ete Pavlova (det er ikkje ei kake, men ein dessert, helsing ein innfødd). Pavlova består av tusen prosent sukker, og kanskje eitt egg, og ikkje så mykje anna. Du tenker kanskje at det beste ville nok ha vore å venta til helga, og det har du heilt rett i. Her kjem den gode unnskyldninga: Vår gode venn Harry er berre 18 år. Det vil seie at han vart fødd i 1991, og eg trur vi alle er einige i at det er ungt. Harry bidro med transport til butikken, samt inside-information om korleis vi skulle gå fram for å konstruere denne herlegheita av ein dessert (det er ikkje berre berre å setje saman botn, krem og frukt). Han gledde seg som den ungen han er til å få ein smak av pavlova. Problemet var berre at han skulle reise torsdag føremiddag, og vi (som dei ansvarlege vaksne menneska vi er) såg ingen annan utveg enn å gje stakaren dessert, om enn midt i veka. Ein skal ikkje plage dei som er yngre enn seg, det veit vi alle, og slik gjekk det altså til. Og slik såg det ut:

Ein botn blir til ein dessert.

Ein botn blir til ein dessert.

Ein dessert blir til pavlova.

Ein dessert blir til pavlova.

MmmmMMm...

MmmmMMm...

 Alle vart glade og høge på sukker, og stemninga var på topp. Til og med våre gode naboar i overetasjen fekk kose seg med det som var att, dermed spreidde gleda seg utover den norske leiligheita sine fire veggar. Eg angrar ikkje eit sekund. Folkehelsearbeidaren i meg veit nemleg at dei sosiale rammene rundt måltidet er minst like viktig for helsa som maten i seg sjølv. Eg har alt mitt på det reine. I tillegg altså, 4 poeng til Norge. Jippi ja ja jippijippijaa!

Prøv å ete med hendene over hovudet å sjå om ikkje du òg treng litt assistanse.

Prøv å ete med hendene over hovudet å sjå om ikkje du òg treng litt assistanse.

Eg innser at eg kanskje var litt vel sjenerøs mot pavlovaen med tanke på plasstileling i dette innlegget. Eg gidd likevel ikkje ta det vekk eller omformulere det, så synd for dokke.

 

Helg igjen (altså fredag), er lik Karina og Kristine på nye eventyr. Denne gong til Warkworth, litt nord for Auckland, for å ride på hest. Dette var sjølvsagt Karina sitt påfunn, men eg var gladeleg med, og kosa meg minst like mykje, til tross for manglande rideskills. Eg vart ikkje akkurat født med ein hest mellom beina, men eg klarte meg rimeleg bra. Eg måtte jo late som eg hadde ei viss peiling, viss ikkje hadde eg sikkert blitt leida rundt i tempo null, og det er jo ikkje kjekt i det heile. Vi våkna opp til nok ein strålande dag, og fekk oss ein kjempefin totimers ridetur med knallblå himmel og sola i nakken. Det gamle ekteparet som budde på garden var verdas søtaste! Bra dag (og 4 poeng, men no føler eg kanskje at eg har masa nok om desse poenga..). 

CIMG2147

CIMG2154

IMG_3150

Tilbake i Auckland hoppa vi på en rickshaw-city-sightseeing-tour på 20 minutt, som faktisk var veldig morsom. Eg har aldri blitt sykla rundt i ein by før, og må seie at det gav meirsmak. Eg likar å sykle, men det var slett ikkje så aller verst å bli sykla heller. Benjamin, som sykla oss, var sjølv student og hadde det som deltidsjobb. Ein kan gjere så mangt på deltid. Fin tur var det i alle fall, og veldig kjekt med nedoverbakke! 

IMG_3167

IMG_3169

(Dessutan fekk vi poeng… :D)

Denne veka har det regna. Mykje. Innandørsaktivitetar? Ja takk. Heldigvis for security-John er muffinsbaking ein innandørsaktivitet. Security-John heldt på å lære opp ein ny security-mann, og muffins fekk dei begge to, heldiggrisane. Det er så mangt ein kan gjere med ein haug nysteikte sjokolademuffins. Det beste er å ete dei, og det aller beste er å ete dei ilag med kjekke folk, og is. Vi leita derfor fram eit godt utvalg vennar, og lagde muffinsselskap. Jippi!

CIMG2074

CIMG2085

Det skal ikkje meir til å glede eit barn.

Ellers har dagane gått til trening og skule, og dei går framleis ein heil del raskare enn nødvendig. Om altfor kort tid skal vi ha praktisk eksamen i vekttrening, og det er eigentleg ikkje noko eg ser fram til. Noko eg derimot ser veldig fram til, er å føye det til på lista over ting eg har gjort, for så å reise til sørøya på mid semester break! Så det er berre å øve, øve jevnt og trutt. 

 

Helg igjen, og framleis regn. Planen for fredag var at vi skulle prøve oss på skattejakt i Auckland City, og sanke fleire GOOT-points, men det var visst ein dårleg plan. For det første tok det veldig lang tid når ein måtte ta buss over alt, og for det andre var det så store mengder regn at det rett og slett ikkje var noko kjekt. Så vi utsatte det. Etter å ha svømt rundt i byen ei stund på jakt etter ein Justice of the Peace som kunne skrive under på 18+ card-søknadane våre, reiste vi likegodt heim, bestillte pizza, og krølla oss saman på sofaen med film og sjokolade. Det var ein mykje betre plan! 

 

Laurdag var det tid for å leike bonde for ein dag, då vi reiste på connect trip til Sheep World med skulen. 45 min nord for Auckland fann vi både sol, saudar og ganske mange andre dyr! God stemning. Laurdag i bilete:

CIMG2101

IMG_2965

Skulle ikkje vere lett å fange ål med håv.

Skulle ikkje vere lett å fange ål med håv.

Må man, så må man.

Må man, så må man.

 

Possom Joe :)

Possom Joe 🙂

IMG_3030

IMG_3058

IMG_3076

IMG_3093

IMG_3087

Idag er det nok ein regnvêrsdag. Eigentleg hadde vi tenkt oss til Rangitoto Island på søndagstur, men forholda var ikkje dei beste. Ny endring i planane, og vi reiste heller inn til byen for å sanke litt poeng, i det minste! Gjennomvåte før vi hadde komt til busstoppet, eg treng verkeleg å gå til anskaffelse av paraply.. Litt poeng vart det uansett, for å ha på oss All Blacks-skjorte, og «towing a Buzzy Bee». 

IMG_3097

IMG_3100

Towing a buzzy bee er ikkje så enkelt med hendene over hovudet når snora er null meter lang.

Towing a buzzy bee er ikkje så enkelt med hendene over hovudet når snora er null meter lang.

Poengfordelinga er forresten ikkje til å bli klok på. Forrige helg, når vi gjekk til toppen av Mount Maunganui, som er eit ganske godt stykke frå Auckland (eg minner om at GOOT står for Get Out Of Town), samla vi den nette sum av 2 poeng for det, pluss eitt fordi vi hadde GOOT-genser på biletet. Til samanlikning er det verdt fire poeng (pluss eitt) å ha på seg All Blacks-skjorte, noko ein ganske enkelt kan gjere midt i Auckland sentrum. Er kkje det litt rart? Til saman fem poeng for så lite. Til og med gummistøvlar er verdt meir en Mt Maunganui, noko eg stussar litt på. Men om sant skal seiast er det ikkje lett å få tak i. Ikkje ein einaste gummistøvel i heile Queen Street. Men likevel, støvlar skal vi nok finne utan vidare vanskelegheiter, så 3 poeng er vel å ta litt vel hardt i? Ikkje at eg klagar, eg påpeikar berre den ikkje-eksisterande logikken, det er alt. For dei som lurer, kan eg melde om at The Two Sheeps Team framleis ligg i teten i månadens GOOT-game, vi går for gull! Dersom nokon føler for å bidra til norsk seier, for eksempel ved å donere ein bil, så nøl ikkje med å ta kontakt. No skal eg sjå film.

Det som skjer når ein heile tida må seie ting på engelsk på sparket, er at nye ord blir til. Eg vet ikkje kor mange ord eg har dikta opp sidan eg kom hit, men det begynner å bli ein del. Nokre gongar skjer det berre fordi det er ord eg aldri har lært, andre gongar ikkje. Denne veka har eg blant anna lært at sheep heiter sheep også i fleirtal. Eg vart skuffa når eg innsåg dette. For det første er det slikt som ein lærer på barneskulen, og eg har heilt sikkert pugga det ein gong i tida. Eg burde vite såpass. Men, uvitande som vi var, meldte eg og Karina oss på the GOOT-game som The Two Sheeps Team, for så å finne ut at det var eit ikkje-eksisterande ord. Sånn kan det gå, og sånn gjekk det. Stupid norwegians.. Vi skal sjølvsagt behalde namnet i si opprinnelege form, og late som vi gjorde det med vilje. Berre vent å sjå kven som ler sist når vi stikk av med seieren!

Lagbilete

Lagbilete

I tillegg til å forbetre grammatikken min i engelsk, har eg gjort ein heil del andre ting den siste veka. Eg har sove alt for lite, og hosta alt for mykje. Eg begynner å mistenkje at vi har sopp i leiligheita, noko som ikkje er direkte usannsynleg. Eg har òg fått tid til å studere litt, samt lært å lage pingvin av banan og dryppe-lyd ved å knipse på kinnet. Og eg har baka. Kjøpte meg ein plastikkbolle og heiv i hop både pizzadeig og muffins som eg gav vekk. Security-mannen John vart litt lei seg for at muffinsane ikkje var til han, så neste gong blir det nok han eg må bake til. Sist men ikkje minst har eg og Karina samla ein heil haug poeng den siste veka. Først gjekk vi til anskaffelse av GOOT-hoodies og t-skjorter, som gir oss eitt ekstra poeng per bilete dersom vi har dei på, og på vegen fann vi eit ganske kjekt tred.

IMG_2689

Muffins-baking på golvet

Muffins-baking på golvet

Sky Tower - 2 points!

Sky Tower - 2 points!

Eating fish & chips & drinking L&P - 4 points!

Eating fish & chips & drinking L&P - 4 points!

Eating Hokey Pokey ice cream - 2 points!

Eating Hokey Pokey ice cream - 2 points!

 Nok ein gong vart det endeleg helg, så var det berre å knyte på seg joggesko og legge i veg. Denne gongen gjekk turen til Tauranga og Mt Maunganui, og vêret var vesentleg betre enn forige helg. Herleg! På vegen ned stoppa vi i Waihi, og besøkte Martha Mine, ei diger gullgruve. 

Martha Mine

Martha Mine

3 points!

3 points!

IMG_2729

På vegen stoppa vi også i Paeroa, der vi fann ei gigantisk L&P flaske, som viste seg å vere to poeng. YAY! 

IMG_2719

I Tauranga slukte vi ein velfortjent middag etter Karina sin smak (subway), og så var det allereie blitt mørkt. Det var derfor ikkje så mykje anna å ta seg til enn å nyte utsikta frå balkongen på hostellet, og skaffe seg nye vennar. Det endte opp med ei noko spesiell blanding folk; eg og Karina, ein brasilianer, og ein meget sær halvt New Zealandsk halvt Australsk motorcross type med uforståeleg aksent. Ingen skjønte eit ord han sa, men han slutta ikkje å prate av den grunn. Ikkje prata han seinare eller tydelegare heller, så det var jo veldig greit. Eg fekk med meg delar av samtalen han hadde med seg sjølv, blant anna at han hadde brekt 17 bein i kroppen, hadde titanplater minst fire plassar, inkludert i panna, og at han ville gi meg D&G solbrillene sine fordi han var så rik at han ikkje trengte dei. Spesiell fyr. 

IMG_2776

Ny dag, nye mulegheiter,  og knallblå himmel. Det er sånn (aha aha) eg likar det (aha aha). På Harbourside City Backpacker Hostel hadde dei ei tavle der det stod «Whats on:». Vi var max klare for white water rafting og ridetur på stranda, som var to av aktivitetane tavla skraut på seg. Skuffelsen var stor når vi fekk beskjed om at ingenting på den tavla eksisterte. Eg veit ikkje om det var feil tid på året eller kva som var årsaken, men ikkje fekk vi fare på rafting og ikkje fekk vi ride på stranda. Tulletavle. Mannen i resepsjonen skjønte ikkje kva vi prata om når vi sa vi ville melde oss på turane. Dette var ein mann som budde på hostellet, var godt opp i åra og såg ut til å ha jobba der ein heil mannsalder, så vi syns kanskje det var litt smårart at han ikkje hadde høyrt om sine eigne aktivitetstilbod. Plakatane satt tett på veggane, men det visste ikkje han. Etter at han hadde kasta vekk halve morgonen vår på å ringe hit og ringe dit for så å finne absolutt ingen aktivitetar til oss i det heile tatt, bestemte vi oss for å fare på sykkeltur til Mt Maunganui istaden. Hostellet hadde i det minste gratis syklar til låns, og enda godt var det. Litt forsinka trakka vi avgarde på altfor små syklar som bremsa av seg sjølv  til ei kvar tid og gira både opp og ned av eigen fri vilje. Vi sykla langs hamna, over ei bru og gjennom ei evig lang gate full av fabrikkar, før vi kom fram til Mt Maunganui. Vi klatra til topps, med fantastisk utsikt over lange kvite strender og blått hav så langt auget rakk. Etterpå var det bading på gang, først i sjøen med kjekke store bølger, deretter i saltwater hot pools ved rota av fjellet. Dessutan gjekk vi på pingvinjakt utan å sjå ein einaste pingvin, og eg kjenner at eg framleis ikkje har komt heilt over det.  

Liten sykkel, stor hjelm.

Liten sykkel, stor hjelm.

Lunsj

Lunsj

IMG_2828

Mt Maunganui, 2 points!

Mt Maunganui, 2 points!

IMG_2861

IMG_2868

IMG_2873

Planen var å reise tilbake til Auckland på søndag, men vi reiste visst til Coromandel istaden, utan at eg fekk med meg korleis det skjedde. Når vi kom heim frå vår vesle utflukt på laurdagkvelden hadde vi fått to stk hannkjønn på sovesalen. Gjett om ikkje det var to stk hannkjønn med ein stk bil, som tilfeldigvis skulle til Auckland? Saken var at dei ikkje skulle til Auckland før på måndag, men slike detaljar kan ein ikkje henge seg opp i. Så først skulle vi eigentleg berre sitje på eit stykke, og så ta bussen heim. Men dess meir vi tenkte over saka, dess meir logisk syns vi det var at vi også skulle til Coromandel. Kvifor ikkje? Forelesninga på måndagar startar faktisk ikkje før 12. Så reiste vi en liten svipptur innom Coromandel istaden, og kosa oss med the horse game på vegen. Om å gjere å rope horse først når ein ser ein hest. Er det to hestar må ein rope horse horse, er det fire må ein rope horse horse horse horse. Det skal ikkje meir til. Det beste med å reise med bil er at ein kan stoppe når ein vil, for eksempel dersom ein får auge på eit ku-skilt. 

2 points for Norwaaaay

2 points for Norwaaaay

Først gjekk turen til Hot Water Beach, der vi først bada i den kalde, kalde sjøen med svære bølger, for så å setje oss i eit naturleg hot pool i sanden. Vær så god, grav deg eit hol i sanden i dette området, og varmt vatn kjem opp frå unden. Ja takk gjerne. Varmt vatn var på ingen måte ei overdriving. Det var så varmt at eg brann meg opp til fleire gongar sjølv om eg var forsiktig, og måtte brukte kanskje ti minutt før eg kunne setje meg ned utan å dø. Gotta love it. Vi drepte ein liten time der. Medan vi låg der og kokte og kosa oss og ante fred og ingen fare, kom ingen ringare enn Kristin ruslande. Small world.

Atter to poeng til oss :)

Atter to poeng til oss 🙂

GetAttachment.aspx_2

DSCF9889

DSCF9887

Ein halvtimes kjøretur frå stranda, og vi kom til Cathedral Cove, men gutta boys ville kome fram til der vi skulle sove før det blei mørkt (noko vi ikkje gjorde uansett, dog), og ville ikkje gå heilt til «the cove» itself.. Det var veldig dumt, for Kristin hadde akkurat vore der, og det var visst fantastisk. Hadde vi berre hatt vår eigen bil! Men vi gjekk den korte turen, til Gemma Stone (eller liknande), og det var fint vêr og fin utsikt så eg klagar ikkje i det heile eg.

Bileigarane sjølv.

Bileigarane sjølv.

IMG_2913

IMG_2905

Så gjekk denne helga også mot slutten. Vi kjørte til Whitianga og fann eit hostell, og runda av helga med å gå ut å ete alle saman. Så var det opp klokka null måndag morgon og hive seg på ein buss for å rekke skulen. Back to reality again..

Dagane som går

april 2024
M T O T F S S
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930  

Ting som tenkjast på akkurat no

Eg slepp å bu i ei pappøske i Kong Oscars gate, hurra! :)

Kikarar

  • 3 686