Det skjedde visst at eg slutta å oppdatere bloggen. Plutseleg hadde eg ikkje meir tid til den slags, og no er eg heime. Eg kom heim i til -10 grader i Oslo og -8 grader i Volda, og liker det særs godt. Heime er fantastisk! Her er det både brunost, leverpostei, makrell i tomat, TINE Mjølk, og til og med dopapir, og det er meir enn ein kan seie om Thailand. Til gjengjeld har Thailand andre kvalitetar, og eg likte meg veldig godt der, til tross for visse manglar. Det er ein del av sjarmen, sånn at folk som meg skal hugse på å setje pris på å vere norsk. Og det gjer eg, altså. No har eg vore heime ein dag og to netter. Tida har blitt godt brukt til å setje pris på dopapir og norsk mat, ta igjen søvn, og ei god dose komme-i-julestemning-arbeid, i form av mandarineting, stearinlysbrenning og julemusikk. Iver Kleive sin fantastiske jule-cd «Hyrdenes tilbedelse», for å vere spesifik. Så slik gjekk det til. Siste månaden i New Zealand og ein månads reising manglar. No som eg er heime kan eg likegodt berre fortelje om det, men det kjem nok oppdatering her likevel. Bloggen vart liksom litt som ei dagbok, og det er jo kjekt å sjå tilbake på for meg sjølv òg. Dessutan må ting fullførast sjølv om det fullførast to mnd. for seint, for eg liker ikkje uferdige ting. Så får eg skrive det for meg sjølv, om ikkje anna, men forhåpentlegvis kan fleire ha glede av det 🙂