Eg og Karina, også kalla Two Sheeps Team, er no i gang med poengsanking til the GOOT-game. GOOT står for Get Out Of Town, og det er akkurat det vi har gjort. Ut på bygda på jakt etter eventyr. GOOT handlar om å hjelpe oss internasjonale studentar med å oppleve mest muleg av dette fantastiske landet, og få mest muleg ut av altfor lite tid her i Auckland. GOOT-game går ut på å sanke mest muleg poeng kvar månad, og ein kan vinne ganske greie premiar. Poenga sankast ved å ta bilete av laget på ulike plassar, med kjende personar, objekt, dyr, skilt osv. rundt om i landet. Two Sheeps Team er no i full gang med arbeidet. I august må ein ha hendene over hovudet for at bileta skal telle, og tre dagar i august har gitt oss 4 poeng så langt:

IMG_1362

Take a photo with a sheep: 2 points.

IMG_1518

Bridal Veil Falls: 2 points.

Eg oppdaga akkurat at padling a kayak og riding a bicycle var to poeng kvar, og no vart eg litt lei meg. Laurdag var vi på sykkeltur, og søndag padla vi i kajak. Typisk. Då får vi vel værsågod gjere det igjen ved neste anledning, med hendene over hovudet. 

 

Den siste veka har eg vore flink student opptil fleire gongar, og det har gitt gode resutat trur eg. Ellers var eg på bursdagspiknik på Mt. Eden, midt i Auckland by. Det var fryktelig koseleg, med sjokoladekjeks, bursdagsbarn, soveposar og utsikt over heile byen. Eg likar meg veldig godt på utsiktspunkt, for dei som ikkje har skjønt det. Dessutan var det eit digert krater der, sidan det var ein vulkan ein gong i tida, og det var nokså stilig.

CIMG1943

IMG_2604

IMG_2616

Fredag morgon spurta vi bort på skulen for å klemme ut litt kunnskap frå våre ljose hovud, og så spurta vi rett vidare til busshaldeplassen og reiste til Hamilton. Der fann vi Kristin igjen, og ho såg igrunn akkurat ut som sist. Vi starta opphaldet med the riverside walk langs Waikato-elva, og meir action var det eigentleg ikkje der. Men ungane fekk leika seg litt på leikeplassen, medan ungdommen jakta på ender med undervasskamera. Alle såg ut til å kose seg.

CIMG1967

IMG_2630

IMG_2648

IMG_2658

Innan vi var ferdige å leike oss var det blitt fredags kveld i Hamilton, og alle butikkeigarane bestemte seg for å stenge alle butikkane. Dermed hadde vi fint lite å finne på, bortsett frå å ete, men svoltne var vi eigentleg ikkje. Derfor gjekk vi på kino, den første og beste vi fann, og utan førevarsel reiste vi tilbake i tid. Eller fram. Eg er neimenn ikkje sikker. Kinoen var omlag null og ein halv kvadratmeter til saman, og resten av dei besøkande var godt over 50 år. Under filmen kom ho som jobba der inn for å servere kaffi og kake til eit eldre ektepar som satt på rada framfor oss. Men det var ikkje lov å ete popcorn der inne, det stod det nemleg på skiltet. Filmen var underhaldande nok, og etterpå vart det både middag og dessert.

 

Verdas største (og fullaste) kinosal.

Verdas største (og fullaste) kinosal.

Laurdag morgon starta vi tidleg. Turen gjekk til Raglan, litt under fem mil frå Hamilton, ut mot kysten. Fantastisk plass! Likevel var det ikkje det største utvalget av bussar dit, og det blei haiking, i ekte backpackerstil. Og skal det først haikast, så skal det gjerast skikkeleg, så vi grov fram alt vi kunne av kunstneriske evner og lagde eittpar nydelege plakatar. 

IMG_2677

Det vart ei innhaldsrik helg, berre så det er sagt. Det vart sjølvsagt ikkje noko problem å få skyss til Raglan (sjå berre på plakatane, kven kan seie nei til noko slikt?). 16-17 år skulle vise seg å vere den aldersgruppa som var mest samarbeidsvillig på transportfronten. For eksempel Bradley (17):

IMG_1356

Han var gitarist og likna ganske mykje på ei jente, men triveleg var han. Han gav oss dessutan ein mix-tape, og streng beskjed om å bli Led Zeppelin fans. Allereide før kl 10 om morgonen var vi framme i Raglan. Vi fann det mest fantastiske hostellet, der vi kunne låne syklar og kajakar gratis, og jammen fekk vi ikkje eit heilt hus for oss sjølve med balkong og oceanview. Perfect. 

 

På føremiddagen vart det sykkeltur til ei strand med eit frykteleg langt og vanskeleg namn. Men det pøseregna. Eg tullar ikkje, det rett og slett rann frå himmelen stort sett heile laurdag, og tordna litt òg. Men ein kan ikkje la vêret stoppe seg, så vi trakka avgarde på dei knakandes gode syklane. Når vi kom fram var vi så våte at vi kunne ha vridd opp trusene våre, for ein hærleg følelse. Svære bølger, øsande pøsande regn og ei diger strand heilt for oss sjølve, blir livet betre? Eg storkoste meg. Vi tok ein kjapp piknik (er lik vått brød utan pålegg) før vi plaska rundt på stranda til vi ikkje lenger hadde følelse i føtene. Det var dagen sin det.

IMG_1366

IMG_1373

IMG_1391

IMG_1401

IMG_1441

IMG_1447

IMG_1460IMG_1470

Ein svipptur innom hostellet for å skifte til tørre klede, før det bar ut på tur igjen. Bridal Veil Falls, ikkje så langt (dog, lengre enn vi trudde) frå Raglan, var vårt neste mål for dagen. Korleis kjem ein seg dit? Haike. Nok ein 17 år gammal gutt hjalp oss eit stykke på veg. Der motorvegen møter u-motorvegen, der stod vi. Korleis kome seg vidare? Haike. Problemet på dette tidspunktet var at ingen bilar skulle den vegen, så vi måtte ta beina fatt. Lite visste vi om avstandane vi hadde med å gjere. Etter langt om lenge og lengre en langt kom det faktisk ein bil, og vår gode venn Croey bestemte seg for å køyre oss resten av vegen, som var ganske mykje lengre enn ein skulle tru. Han nekta oss å forlate bilen før vi hadde presentert ein plan forkorleis vi skulle kome oss derifrå, i og med at vi var midt i ingenmannsland heilt åleine i pøseregnet på laurdag ettermiddag. Ikkje ein turist i sikte. Vi måtte tilstå at vi ikkje hadde nokon vidare plan enn å satse på at nokon dukka opp. Croey bestemte seg for å ta ein kopp te med sin venn Tom, for så å kome tilbake etter ein halvtime å hente oss. For ein mann, Croey.. Dermed spurta vi ned tusen trappetrinn som hadde blitt til ei elv, og det var absolutt verdt det. Store mengder vatn på ein dag som den.

IMG_1484

 

Ingen bilar, men ein god del saudar.

Ingen bilar, men ein god del saudar.

 

Bridal Veil Falls

Bridal Veil Falls

Vi kom oss altså til fossen, så var vi så langt. Bittelittegrande meir problematisk å kome seg tilbake. Vi hadde fått forklart kvar denne Tom budde, og der skulle vi altså møte vår kjære sjåfør. Det viste seg at alle nikka og smilte og fekk med seg halvparten, og satsa på at dei andre fekk med seg resten. Det var ingen som fekk med seg resten, så vi traska rundt ganske lenge og prøvde å finne dette huset som skulle vere andre veg til høgre med nokre store tred. Tida gjekk, men vi fann aldri den rette vegen. Vi bestemte oss for å stille oss opp på den mest logiske plassen vi kunne kome på, og satse på at han dukka opp. Istaden dukka det opp nok ein 17-åring, berre at denne var berre 16. Han køyrde forbi i sin raude, reine bil, først ein gong, og så kom han tilbake. Vi må ha sett ein smule lost ut der vi stod og gnafsa på det våte brødet vårt. Vi forklarte situasjonen, og han insisterte på å køyre oss for å leite etter Croey og Tom sitt hus. Det var lettare sagt enn gjort. Andre veg til høgre såg noko tvilsom ut, meir som ein traktorveg. Vi foreslo at ein av oss sprang ned for å sjekke kvar vegen førte, men 16-åringen skulle køyre, jau, det skulle han. Og det gjorde han, og det var nok ikkje det luraste han hadde gjort. Plutseleg kom vi til ein port, for det var faktisk ein traktorveg og ikkje Tom sitt hus. Så der stod vi, med skjegget i postkassa, enda vi sa at han ikkje skulle køyre inn der. Ungdommen no til dags.. Atter ein gong tok han eit dårleg valg, og ville heller opne porten for å prøve å snu inne på jordet istaden for å rygge. Vi anbefalte sjølvsagt rygging, men han var litt av ein stabeis! Det neste som skjedde var at ein stk 16 åring stod dønn fast med bilen sin i gjørma på eit jorde i ødemarka utanfor Raglan, og det var vår feil. Woups. Vi prøvde å dytte, men det hjalp ingenting. Så var det berre å gå å finne hjelp. Det tok ca ein halv time å gå til nærmaste gard, og det heile var eigentleg ganske komisk. På garden budde heldigvis ein snill mann med ein snill kone, samt tau og firhjulstrekk, så det heile ordna seg ganske greit til slutt. Dei visste også kven Croey var, så vi fekk gitt beskjed til han i samme slengen, i tilfelle han var ute å leitte etter dei dumme, gjennomvåte jentene frå Noreg. Til slutt fekk vi bilen laus, sjølv om det såg litt mørkt ut ei stund. Litt av eit styr.

IMG_1533

 

Kan du sjå ein raud flekk i skogkanten? Jepp, bilen til Jonathan.

Kan du sjå ein raud flekk i skogkanten? Jepp, bilen til Jonathan.

IMG_1549

Vel heime på hostellet vart det boblebad, taco og filmkveld, sidan vi ikkje hadde eit einaste tørt plagg å ta på oss. Søndag våkna vi til regnboge og strålande sol,  og vi stod opp tidleg for å få tid til litt padling før vi gav oss for denne gong.

IMG_1562

Karina er klar. God stil!

IMG_1578

IMG_1597

IMG_1589

Stor takk til Bradley, ein eg ikkje hugsar namnet på, Croey, Tom, Jonathan, og to til eg ikkje hugsar namnet på! Heimatt blei det buss.

Dersom nokon lurte, så er eg særs lei av musklar akkurat no. Eg blandar dei rett og slett saman. Eg kan hugse ein gong i min ungdom då eg var ein raser på pugging, det var tider. Kva skjedde? Det er ikkje så greit å verte gammal og glømsk.. Pectineus blandast med piriformis, og flexor carpi ulnaris er berre for mykje for meg. Så har vi extensor carpi ulnaris, og extensor carpi radialis longus og extensor carpi radialis brevis, det er jammen ikkje lett å halde styr på denne underarmen. Eigentleg er det logisk og kjekt og enten rett eller feil, akkurat som eg likar det. Jauda, det går seg nok til med denne anatomien. Eg er framleis ein raser på pugging, berre vent. 

New Zealendarar er jammen rare. Dei syns vi er rare når vi tek av oss skoa før vi går inn. Då ser dei på oss og seier «aaw, you`re taking your shoes off!». Artig folkeslag. Sjølv går dei rundt i shorts, vinter eller ei. Shorts og sandalar gjerne, eller barfot. Men dersom dei først har sko, beheld dei dei for all del på. Eg har faktisk vore her i to veker allereie, og ikkje eit kvekk om det på bloggen. Eg tek sjølvkritikk. Men no har vi faktisk fått nettet up and running, og det kan kanskje bidra til hyppigare oppdateringar i framtida. Det vil vise seg. Dei to første vekene har for øvrig gått altfor fort, og når eg tenkjer tilbake er eg neimenn ikkje sikker på kva eg har brukt dei til. Men det dukkar nok opp i minnnet dersom eg går inn for det. Eg bør faktisk legge meg til å sove no, sånn eigentleg, men sidan eg har så dårleg samvit for manglande ny info har eg tenkt å ta eit skikkeleg skippertak istaden. Søvn er oppskrytt uansett. Eg har nemleg blitt forkjølt, og får ikkje puste om natta, så eg kan likegodt gjere litt nytte for meg. (Nytte var kanskje å ta litt hardt i, men det får våge seg.)

 

Første veka i Auckland  var eg berre halvvegs tilstades. Mentalt altså. Hang liksom litt etter heile tida og skjønte ikkje heilt kva eg skulle ta meg til. Men eg tok meg visst til ein heil del ting likevel, etter kvart. For det første måtte eg handle ein heil haug med ting. Det er det som skjer når ein reiser til New Zealand for å studere og tek med seg ingenting. Handling, konsekvens. Handdukar for eksempel, kjekt å ha. Lista over ting som er kjekke og ha som eg ikkje hadde er lang, og ganske uinteressant. No har det vorte ei liste over ting eg har skaffa meg, deriblant internettilgang, skrivebordlampe, mat, kalkulator og ei bukse. Ja, eg reiste til andre sida av jorda utan bukse. Eit sjakktrekk frå mi side. Det er grenser for kva eg orkar å bere med meg frå øy til øy på Fiji, og noko måtte nedprioriterast. Kvifor det vart akkurat bukse kan nok diskuterast, men det er iallefall sanninga. Poenget er at eg ikkje lenger er bukselaus. Ellers har det gått mykje tid til biljard, volleyball, fotball og meiningslaus henging rundt på fellesrommet i håp om å skaffe oss nye vennar. Play pool and stay cool. Resultata har vore svært gode så lang. Livet på campus er alt i alt ganske bra, kjekke folk og god stemning, for det meste. Her er min nye heim og Karina som også seier hei (til deg Anders):

IMG_2420

Tre kjappe fakta om Akoranga Student Village:

1. Gjennomsnittsalder: 17 år

2. Lydisolasjon: nei

3. Bugs: omlag tre nye per dag per rom

Men eg likar meg godt, berre så det er klart. Eigentleg er dei fleste 18 til 20 år og førsteårsstudentar. Seinare er det vanleg å finne seg leiligheit andre stader, litt som i Noreg. 18 år gamle New Zealendarar er overraskande god underhaldning, og vi trivast godt i deira selskap. Folk kjem stadig på besøk til den norske leiligheita, og somme gongar dansar dei. Det set eg stor pris på. Andre gongar dansar dei ikkje, og det skjønar eg godt. Men dei tek iallefall ikkje av seg skoa. Det kan også ha ein samanheng med den hygieniske standarden. No meinar eg ikkje å syte og klage, men det var ikkje akkurat reint og fint her når vi kom. Det var mest spindelvev, med og utan edderkoppar, og tjukke lag med støv. Og alt er flekkete. Eg er ganske sikker på at det var blod på gardina mi. Men som dei knakandes gode husmoremna vi er tok vi saken i eigne hender, og det går veldig fint an å bu her no. Kvardagen ser ca sånn ut:

IMG_2421

CIMG1846

CIMG1849

IMG_2440

IMG_2436

I helgene er vi turistar med kamera rundt halsen. Forige helg var eg i byen, og plutseleg stod Kristin vinkande midt i Queen Street. Eg vinka tilbake og tok henne med meg heim. Då vart det jubel og fest i stova, og etterpå la eg henne på golvet. Der låg ho godt heilt til neste dag, då vi reiste på søndagstur til Devonport. Vi klatra til topps to gongar, med utsikt over Auckland City:

CIMG1847

CIMG1857

CIMG1859

IMG_2447

IMG_2458

IMG_2488

IMG_2513

IMG_2517

IMG_1049

IMG_1052

Denne helga oppdagde eg og Karina Auckland på busstur i strålande sol og blå himmel. Strender og andre godbitar overalt! Det kjem nok godt med når temperaturen sluttar å vere under 10 grader. Eg gleder meg! Trur eg berre køyrer på med bilete her òg:

Takapuna Beach, ca ein halvtime å gå :)

Takapuna Beach, ca ein halvtime å gå 🙂

City of Sails

City of Sails

IMG_2566

IMG_2574
IMG_2578

Mission Bay

Mission Bay

Jauda, sånn går dagane. Og så har vi denne studeringa då, på si. Det starta med orientation første veka, som var altfor mykje informasjon på ein gong. Eg hugsar litt av den. No har vi hatt ei heil «ordentleg» veke, starta på den andre idag. Dette kan verte interessant, merkar eg. Dei sparar ikkje på kruttet her i garden. Pangstart har no fått ei heilt ny meining. Vi har eksamen på fredag for å seie det sånn. Lat meg ta eit heilt random eksempel frå forige onsdag, første time i applied anatomy. Læraren kjem inn i rommet, etterfulgt av ei fire-fem skjelett. Så seier ho ca dette: «Unnskyld dersom det er repetisjon for mange av dokke, men eg skal berre gå kjapt igjennom beina i kroppen.» Jada, et øyeblikk, skal berre lære alle beina i kroppen på fem minutt. Interessant. Så på fredag er det bein, musklar, directional terms og movement types på rams. Lett. Vi puggar iherdig. Radius er festa til tommelen og på baksida av kneet finn vi den kjekke muskelen popliteus. Neste fag, exercise prescription & assessment – eg må begynne å bygge musklar. Ikkje meir å seie om den saka. Dette faget viste seg å handle litt i overkant mykje om styrketrening, og vi kjem til å befinne oss in the weight room på samtlige workshops dei komande vekene. Lær desse 70 øvingane og lær å lære dei vidare. Jau takk skal du ha, griseflaks at eg er bodybuilder. Men det verkar som eit interessant fag. Poenget er å lære å lage individuelt tilpassa treningsprogram, og kunne instruere ulike øvingar. Sport & exercise psychology derimot, er ikkje det kjekkaste eg har gjort hittil. Læraren pratar i 160 km/t, så eg veit eigentleg ikkje heilt kva det dreier seg om. Forhåpentlegivs blir det betre med tida. Så har vi nutrition, activity & health, som eg trur skal gå ganske bra. Hittil har det vore kun repetisjon om hovudnæringsstoff og energiinntak og slikt, det er igrunn greit. Vi har nok å styre med. No skal eg sove!

 

Har du det bra forresten?

Plutseleg fann eg litt tid til å gå på biblioteket igjen. Heldigvis får vi snart internett i leiligheita, då vert det andre bollar skal du sjå. Eg har gjort ingenting sidan eg kom til New Zealand. Berre ordna ting, det er kjempekjedelig. Men ting må desverre ordnast, og eg må seie at eg har vore ganske så effektiv. Faktisk er det meste ordna berre på to dagar. Søndag tel ikkje, for søndag er søndag, ein dag då svært få ting vert ordna. Måndag og tysdag var eg turboKristine og ordna alt muleg i ein fei. Eg veit, eg er fantastisk. Men før eg kom så langt var eg på Fiji ei heil veke, det er ikkje til å skyve bak ei bok (for dei som no kleiar seg i hovudet og ikkje heilt skjønar uttrykket «skyve bak ei bok», så er det min eigen versjon av det litt meir kjende uttrykket «stikke under ein stol». Personleg syns eg «stikke under ein stol» er eit lite anvendeleg uttrykk, og likar mitt vesentleg betre. Beklagar digresjonen). Fiji var det ja. Fiji er fantastisk, det kan vi berre slå fast med ein gong. Sjå berre her:

IMG_2082

Eg har forresten tatt alt for mange bilete. Altfor mange fine bilete også, slik at det er umuleg å velge ut kva for nokre som skal få kome på bloggen. Det er hardt arbeid. Men no skal eg fortelje:

 

Etter fire dagar i L.A. var vi superklare for the Awesome Adventures of Fiji. Torsdag kveld flaug vi away into the future, og etter 13 timar var det laurdag morgon i Auckland. Fram og tilbake i tid, hei hå. Ein kan bli skrullete av mindre. 13 timar er eigentleg ganske lenge for ein stakar som meg. Ikkje kan eg lese, då blir eg flysjuk. Ikkje får eg sove, for eg sit ikkje komfortabelt nok. Altså må ein finne alternative måtar å få tida til å gå på, særleg sidan visse andre som heiter Kristin søv heile vegen istadenfor å halde meg med selskap. Makan. Filmsjåing hjalp meg iallefall eit lite stykke på veg, før eg blei lei. Eg blir eigentleg lei filmsjåing ganske fort, men held alltids ut ein film. Omsider landa vi iallefall i Auckland, der vi hadde 12 små timar dødtid før flyet vidare skulle gå. På dette tidspunktet hadde eg ikkje noko valg, slik eg ser det. Eg kjøpte meg ein pose med skittles. Det er det beste som fins. Iallefall i kategorien små farga drops. Sjølvsagt er det hard konkurranse, blant anna smarties, nonstop og m&m. Lat oss gjere det enkelt å seie at skittles er det beste som fins i kategorien små farga drops med fruktsmak, der er dei eineståande. Ingen over, ingen ved sida. Så 12 timar fauk avgarde, og plutselig kom vi til Nadi. Der sov vi, og det var ca det som skjedde der. Det var mørkt, varmt, senga var fuktig og dusjen var kald. Det viste seg å vere ein fellesnemnar for Fiji. Men det går veldig fint an å leve med ei vekes tid. Slik lærer ein å setje pris på ein varm dusj og ei tørr seng, og det er tross alt nyttig lærdom å ta med seg.

 

Søndag morgon reiste vi ut på øyene for å leite etter det ekte Fiji. Vi starta lengst nord på Yasawa Islands, og første reisemål var Coral View Resort, der vi sov dei to neste nettene. Det var paradis på jord.

DSCN0429

Dette var plassen for avslapping, og ein del tid gjekk med til absolutt ingenting anna enn å ligge i hengekøyer. Ellers var vi på ein cave-trip på ei øy i nærheita, det var ganske kjekt. Først gjekk vi inn i ei grotte, så hoppa vi ned i vatnet, så måtte vi svømme under vatn gjennom ein minitunnel for å kome vidare inn i grotta. Stilig. Først svømte Fiji-mannen, og heldt opp ei lykt slik at vi skulle svømme etter lyset. Det gjekk for så vidt greit, berre at eg aldri skjønte at eg hadde komt igjennom. Eg prøvde å svømme vidare igjennom Fiji-mannen, før han fekk hovudet mitt over vatnet, og eg omsider forsto at eg ikkje skulle lenger. Det var ikkje den lengste tunnelen i skuffen, kven kunne vel vite det. Men gjennom kom vi, og tilbake kom vi også, så det endte godt. Seinare tok vi turen til The Blue Lagoon. Der såg det slik ut:

IMG_1859

Her slo vi ihjel eit par timar, lett. Ikkje berre var stranda den finaste, eg spydde faktisk ikkje av utsikta heller:

IMG_1862

Ellers prøvde vi veldig hardt å få eit glimt av solnedgangen. Det var ein liten topp på øya, som vi besøkte heile tre gongar på to dagar. Ikkje at det var nokon høg topp altså. Første kvelden var det ganske overskya, andre kvelden var det litt meir overskya, og morgonen etter (vi måtte prøve oss på soloppgang sidan vi ikkje fekk nokon bra solnedgang) var det aller mest overskya. Soloppgangen såg vi faktisk ingenting til. Så vi sto opp kl. 05 for ingenting. Kjekt for oss! Men det var jo litt fint til tross for skyene, så her er det beste resultatet:

Første kvelden

Første kvelden

Det skulle visst ikkje vere enkelt, men vi gir ikkje opp lett, det skal vi ha. Vi fekk tre trivelege turar, om ikkje anna. Dessutan fekk vi nye vennar. Både tyske, new zealandske, svenske, finske, franske, britiske og norske. Alt i alt ganske godt utbytte spør du meg. Tysdag reiste vi vidare til Korovou, der dei hadde basseng. Eg prøvde aldri det bassenget, slår det meg i skrivande stund. Der var vi berre ei natt, og det var heilt greit, for det var ikkje overstadig mykje å finne på der. Dessutan var det 32 stk. på den sovesalen. Høgdepunktet frå denne øya var snorkelling with Manta Rai. Vi blei frakta ut i ein liten båt til der dei gigantiske rokkene tydeligvis brukte å henge på den tida av døgnet. Fiji-mannen stilte seg opp og speida, og når han fekk auge på ein av dei, lempa han oss over bord alle som ein. Det var litt skummelt. Så svømte vi ilag med fisken til den for så langt ut på djupet at vi ikkje såg nokonting lenger. Sånn var det. Med på denne turen var ei interessant samansetning av menneske. Ein del unge folk som oss sjølve, samt eit gammalt par som sikkert var 70 år, og ei smågal dame i 30-åra. Ho hadde vore med på turen fleire gongar, og stakk plutselig hovudet opp og sa at ho såg ein hai rett utanfor båten, så dukka ho under igjen og forsvann. Det var ca då eg fekk panikk og blei fiska opp av vatnet. Nok er nok!

 

Onsdag reiste vi til øy nr. 3, Waya Lailai. Det tok litt tid å lære det namnet, så første dagen heitte det berre waiaiaiai. Men vi gjorde oss forstått! Waya Lailai var faktisk den finaste plassen eg har vore i heile mitt liv. Vi slo oss ned på stranda der landsbydamene lærte oss å lage armband. Søte damene.

IMG_1953

Etterpå måtte vi berre gå rundt på stranda, for det var så fint vêr og så fin himmel. Og så fin strand, ikkje minst.

IMG_1982

IMG_2028

IMG_2038

IMG_2048

Etter at vi hadde dusja (utan lys) denne kvelden fann vi ut at middagen hadde starta for lenge sidan. Måltida på Fiji var nemleg styrt av trommer. Middagen var for eksempel mellom 7 og 8, eller Fiji-time. Den dagen var det visst Fiji-time, ca halv 6. Det fanst ingen butikkar, så mat fekk ein berre tre gongar om dagen når Fiji-folka fann det for godt. Denne kvelden greidde vi altså å ikkje høyre trommene, kanskje fordi det var større enn dei andre plassane. Iallefall gjekk vi til mathuset så fort vi var klare, men heile øya var heilt mørk og heilt stille. Vi skjønte ingenting. Når vi kom heilt nært såg vi at alle sammen satt på bakken. Tydelegvis foregjekk det eitkvart heilt framme, så vi satte oss ned og høyrte etter. Det var ein slags sermoni, og etter ei stund steig månen opp i horisonten. Det var visst fullmåne, og strømmen hadde gått på heile øya. Så der satt vi utan elektrisitet i eit døgn. Kjekt det for oss. Heldigvis hadde dei ikkje servert middag enda likevel, så etter kvart fekk vi mat, sjølv om vi ikkje kunne sjå kva vi fekk. Ikkje fekk vi bruke bestikk heller, så vi måtte ete med fingrane. Det var ein koseleg kveld, og etter maten var det underhadning. Det var det forresten alle kveldane, vi lærte «the bula-dance» ganske mange gongar. Fiji-folka sang og dansa veldig mykje. Kvar kveld under og etter middagen, og når vi kom og når vi skulle reise, så sang dei til oss. Fiji-folk er verdas søtaste folk, alle som ein.

IMG_2108

IMG_2114

IMG_2118

Andre dagen på Waya Lailai blei vi med på ein slags kombinert summit-hiking-village-visit-snorkelling-trip til andre sida av øya. Vi starta med å gå opp på toppen som du kan sjå bak sovesalen vår på det første biletet. Det var knallfin utsikt der oppe:

IMG_2131

IMG_2153

IMG_2164

Vidare gjekk vi over fjellet til andre sida av øya for å besøke to landsbyar. Her fekk vi besøke barnehagen og skulen,  og damene i landsbyen lagde marknad for oss. Etterpå fekk vi servert lunsj på stranda, før heile skulen heldt minikonsert for oss, og til slutt fekk vi tid til litt snorkling før vi blei frakta rundt øya med båt. Det var den beste dagen på heile turen. Folka er så vennlege og flinke, vi storkosa oss!

IMG_2201

IMG_2222

IMG_2232

(oversjå at eg ser litt rar ut på dette biletet)

(oversjå at eg ser litt rar ut på dette biletet)

IMG_2250

IMG_2272

IMG_2285

No vart det visst veldig langt og veldig mange bilete, eg vedkjenner mi manglande evne til å begrense meg. Men ein får vere slik ein er. Siste dagen på Waya Lailai starta eg med sunrise-walk til same toppen som dagen før. Endeleg vart det vellykka!

IMG_2344

IMG_2379

Resten av denne dagen låg eg i ei hengekøye. Eigentleg skulle vi snorkle med reef-sharks, men turen vart avlyst på grunn av vêret. Det var for sterk vind. Eigentleg turte eg ikkje å snorkle med hai, men det var litt dumt likevel. Det hadde sikkert vore ganske kult etterpå, dersom eg ikkje vart oppeten. 

 

Siste stopp var denne idylliske øya, South Sea Island i str. XS, som ein kunne gå rundt på ca. 3,5 minutt.

DSCN0386

Eg elska denne øya umiddelbart. Desverre var det framleis sterk vind og ikkje så fint vêr denne dagen, så det var ikkje så mykje å gjere på. Siste natta sov vi på stranda, og dett var dett.

 

Eg greier ikkje dy meg, så her kjem nokre blinkskot attpå til jubel og glede for spesielt interesserte:

IMG_1740

IMG_1787

DSCF9842

DSCN0496

DSCN0522

IMG_1951

Planen var å oppdatere ganske ofte, men no har det seg slik at det ikkje skjedde. Men det er viktig å ikkje henge seg for mykje opp i slike planar, og heller ta ting slik dei kjem. Undervegsevaluering er viktig, og kan føre til endring i opprinnelege planar. Internett vart liksom ikkje førsteprioritet desse vekene. Men heldigvis for alle dykk, så er det førstepri no, as we speak. 

 

Etter ei nær-døden-oppleving på flyet frå Fiji igår kveld (også kalla turbulens) har eg altså kome meg heilskinna til Auckland. Eg sit på Northcote Library, fem minutt å gå frå Akoranga Student Village, der eg bur. No har eg budd der i over 12 timar, og det er ganske kjekt syns eg. Vegen frå Noreg til New Zealand har vore intet mindre enn fantastisk frå begynnelse til slutt, og no har eg tenkt å skrive litt om den, slik at folk kan kose seg å lese det etterpå. Med folk meinar eg for eksempel deg, mamma. So no kan du berre kose deg, glugg ihjel om du vil. Så kjekk er eg! Lat oss starte med L.A og sjå kor langt vi kjem. Eg har ein tendens til å bruke lang tid, stor plass og mange ord på ikkje fullt så mykje innhald, så heile turen i eitt kan muligens bli litt mykje å fordøye for eit stakkars blogginnlegg. Men vi prøvar.

 

Forige måndag starta det heile, og det var den lengste dagen eg har møtt. Eg sto opp lenge før hanen gol, og ikkje berre fordi familien Klungrehaug ikkje har hane, men fordi den, dersom den hadde eksistert, ville vore i sin djupaste søvn. Så grytidleg var det. Eg trur ikkje eg vakna skikkelig før eg kom til London. Då var klokka kanskje 9 eller kanskje 10, det er ikkje så lett å hugse slike detaljar. Vi flaug iallefall ein time bak i tid, men det var berre barnemat i forhold til neste fly. Då flaug vi atter 8 timar tilbake, slik at vi etter totalt 13 og ein halv time i lufta berre hadde komt til midt på dagen då vi landa i L.A. Jammen hadde vi ikkje heile dagen framføre oss, snakkar om luksus. Det var eigentleg ganske kjekt å flyge. Over eit heilt hav, forbi Grønland og vidare over ganske monge statar, før California gjorde seg gjeldande. USA ser kanskje ikkje så interessant ut frå oven, men det var faktisk supergøy der. Vi budde på USA Hostels Hollywood, noko som anbefalast på det sterkaste. Bra folk, god stemning og all you can eat-pancakes til frukost. Første kvelden vart vi med på limo-tur rundt i byen, noko som var ei ganske interessant oppleving. Limousinen var superlang, og fekk meg til å føle meg ganske hollywoodaktig, der eg sat og drakk rosa champagne. Kjekt for meg.

 

DSCF9707

 

Vi har møtt mange folk. Alle typar folk, både rare og mindre rare, og veldig mange kjekke. Også nokon småirriterande, men det er ingenting å snakke om, for dei fleste er hyggelige. Blant anna jenta i midten, som til og med er norsk. Ikkje berre norsk, men nord-norsk. Andre folk er ikkje norske, men for eksempel amerikanske, og då kan det hende at dei spør om dei kan få lov å teikne eit bilete av meg på metroen. Samme person kunne også fortelje at han var nr. 46 i arverekka til ei eller anna trone, og lovte meg at dersom eg gifta meg med han skulle han behandle meg som ei prinsesse. Han meinte eg likna på pinsesse Diana, noko Kristin brukte som underhaldning resten av turen. Kjekt for ho. Atter andre er fedre, og syns det er på sin plass å gi oss 20 dollar i tilfelle vi trengte å ta ein taxi heim frå Santa Monica Beach. Kjekt for han. 

 

Somme ting kjem ein ikkje utanom som turist i Los Angeles. Dette gjeld blant anna fottur opp til Hollywood-skiltet, rulleskøyter i Santa Monica og walk the Walk of Fame. Det høyrer liksom med. Vi droppa rulleskøyter og tok alt til fots, eg syns det fungerte bra. Her er eit aldri så lite utdrag i bilete. Dei talar for seg sjølv:

IMG_1498

IMG_1397
IMG_1588
IMG_1572

 

Alt i USA er stort, det er ikkje berre ei myte. For eksempel shampoflasker, bygningar og mange folk. Men også drinkar. Dersom du bestiller ein drink type large ved ein feiltakelse når du berre har tenkt å kose deg litt på meksikansk restaurant på Santa Monica Pier, så kan det fort bli sjåande slik ut:

IMG_1559

 

Det som då skjer vidare, er at dei set heile staben i sving for å skaffe oss nok plass å boltre oss på. To drinkar, i tillegg til to flasker vatn og glas, samt middag og stearinlys får rett og slett ikkje plass på eit bord, og vi må få eit ekstra, til lagring. Så begynner folk å snu seg, og ta bilete over skuldra mi. Somme ler hjerteleg, andre ser redde ut. Seinare dukkar det opp nok ein restaurantperson som gjerne vil ta bilete som skal brukast til å promotere restauranten, og tilbyr oss eit postkort av oss sjølve som betaling for bryet. Men så var det ikkje slik likevel, for postkortet det må vi kjøpe. Slik er USA. Kjekt! Bodskapen her er altså, ikkje bestill store mengder mat og drinkar i str. L dersom du ikkje vil ha merksemd. Men vi likte det sjølvsagt. Ein liter margarita kjem alltids godt med i godt lag.

 

Vår siste dag i L.A. gjekk med til eit besøk i Universal Studios. Det var ganske kjekt, sjølv om det var litt i overkant mange varmegrader, i forhold til tilgangen på vind og vatn. Høgdepunktet var The Simpsons Ride, då lo eg så eg grein, og det trur eg kanskje Kristin gjorde også. Dessutan besøkte vi Wisteria Lane, og det er jo litt stas for ein ihuga Frustrerte Fruer-sjåar som meg. Noko er på ferde i huset til Edie, men eg røper ingenting. Mest fordi eg har ingenting å røpe. Men noko er på ferde. Dersom du lurer på om det er muleg å få tak i skikkelig mat i Universal Studios, så er svaret nei. Så slepp du å lure meir på det. Men på ekte amerikansk vis fekk vi i oss både hot dog og chips, berre for å unngå døden. Det greidde vi for øvrig med glans.

IMG_1616

Ellers vart det litt shopping, det var ikkje til å unngå. Eg hadde mest lyst til å kjøpe ca. 39 kjolar, men av praktiske og økonomiske grunnar måtte eg halde meg sjølv hardt i tøylane. For å vere heilt ærleg gjekk det heilt fint. Eg har gjort vanskelegare ting i mitt liv. Men det var mange fine kjolar, så for dei som skulle ha lyst på og råd til 39 stk eller fleire eller færre, så er Hollywood plassen å reise. Iallefall eit godt alternativ. Meir veit eg ikkje å seie om den saka. No trur eg at eg seier meg fornøgd for denne gong, så dukkar det sikkert opp nokre ord om Fiji også om ikkje så lenge. Dessutan syns eg at eg klarte meg med ganske få ord, berre for nemne det. Men no må eg gjere andre ting, type nettbank-ting og denslags. Eg kjedar meg allereie, men sånn er det å vere vaksen.

 

Eg håper at alle sammen har det bra, og ikkje saknar meg alt for mykje. Legg gjerne att helsingar, då blir eg hoppande glad!

Så sit eg her då, i Jonsokveien, med min gode ven Gyri ved mi side. Ein stk. effektiv sommarferie med barnedåp, snorkling, fjelltur og bading, pakking, nattbusskjøring og gardeball er vel overstått, og ein svipptur til California står no øvst på programmet. For øyeblikket er eg altså i Oslo, på besøk hjå Gyri. Gyri har dødsfint hus og ein gigahage. Eg likar meg særs godt, og hadde ikkje hatt noko i mot å henge her nokre dagar til kjenner eg. Her fins det tilogmed basseng, trampoline, og ei ganske koselig lita utestove som vi kan høre på musikk og kose oss i. Skadar heller ikkje at det er hundre grader og sol ute, og nybakte rundstykker til frukost. Men om ikkje så veldig mange timar skal eg altså sette meg på eit fly som skal flyge meg først til London, og så til L.A. Eg er klar. Før den tid skal eg til byen å seie hei og hadet til folk, og kanskje sitte litt i graset og ete jordbær. Det blir bra!

 

Stilig.

Forresten så er det heilt unødvendig å sitte inne  i dette vêret, så derfor kjem eg til å gå ut igjen i sola no. Så finn eg det kanskje for godt å skrive litt igjen om ei stund, når turen har begynt på ekte, og eg har litt meir interessante og reiseaktige ting å skrive om.

Jauda, dagane går visst litt raskare enn eg hadde tenkt at dei skulle. Dei susar avgarde, rett og slett, og straks – før eg får sukk for meg, er eg redd – er tida komen for å reise på tur (aldri sur, men det seier seg liksom litt sjølv syns eg). Så hadde eg ein plan om å lage ein slik blogg før eg reiste ut i den store verda, noko som skulle vise seg å vere lettare sagt enn gjort. No har eg altså gjort eit forsøk, og det har tatt ikkje så reint få timar og minutt. Mi manglande forståing på dette moderne bloggfenomenet er tydelegvis eit faktum. Sånn er det altså med den saka. Men ein får vel  berre ta tida til hjelp og satse på at det er slikt som kjem etter kvart. Øving gjer meister, det har eg lært. Eg legg meg herved i hardtrening, og håpar på betre tider. 

 

No har det seg i alle fall slik at det er ganske nøyaktig tre dagar til eg forlèt Volda City. Eg forlèt Volda til fordel for Oslo, der  eg skal tilbringe mine to siste døgn på norsk jord (for ei stund altså, ikkje for evig og alltid og resten av livet og slikt tøys). I Oslo skal eg danse vals i dei nye fineskoa mine, og gje meir enn to klemmar til meir enn to personar som eg kjenner (og liker over middels godt) i Oslo og omegn, før reisa tek til på alvor. Eg grugler meg, det skal vere sagt. Men eg gler meg heldigvis mest, noko anna ville vore for dumt! Tanken er altså at eg skal oppdatere denne bloggen rimelig ofte, slik at dei som syns den er stilig og underhaldande å følge med på, kan gjere det. Eg veit om minst ti potensielle lesarar allereie, så dette skal nok gå så bra som berre juling. Eg har ikkje kontroll, men eg har trua, og det er tross alt det viktigaste. Då er det berre å  begynne å lese og kose seg og skratte og le. Ein to tre.

Dagane som går

mai 2024
M T O T F S S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Ting som tenkjast på akkurat no

Eg slepp å bu i ei pappøske i Kong Oscars gate, hurra! :)

Kikarar

  • 3 686