On the road again

On the road again

September. Kva har vi gjort? Køyrt. Omtrent samanhengande roadtrip i ein månad, og eg likar det. Biletet ovanfor er berre eit  skrytebilete, fordi eg greidde å køyre på feil side av vegen i feil side av bilen utan å døy. I realiteten var eg stort sett kartlesar i passasjersetet, og ikkje sjåfør. Karina, som i motsetning til meg faktisk likar å køyre bil, tok seg av det meste av køyringa, og dette var ei ordning som fungerte ypperleg for oss begge. Eg er til gjengjeld ein eksepsjonelt god kartlesar, berre så det er sagt. Kvaliteten på vegane i dette landet er ikkje noko å skryte av, eigentleg. Naturen derimot, kan eg skryte av til eg vert blå. Ikkje at eg vert blå, eg vert heller mørkeraud, men det er ein annan sak. Plutseleg har eg ikkje hatt tid til å skrive på nesten ein heil månad. Eg har faktisk vore på tur, nesten utan stans i heile spetember med unntak av forrige søndag til torsdag, då eg måtte litt på skule, og skrive litt oppgåve.

Etter ein hard innspurt på skulen var det endeleg mid semester break, og eg og Karina hadde ein plan. Planen var denne: Fredag 04.09.09 Auckland – Christchurch 09.30, 20.09.09 Christchurch – Auckland 06.45. Plan slutt. For å gjere planen endå litt betre så tok vi å gjekk ut dagen før avreise. Mamma, pappa, brukte ikkje eg å vere ekstremt god på planlegging i mine yngre dagar? Eg syns nemleg å hugse det, at eg for eksempel lagde detaljerte pakkelister for å reise til Haramsøya å besøke mormor og morfar, og program for nøyaktig kva som skulle skje til eit kvart tidspunkt i bursdagsselskapa mine og slikt. Dette er tydelegvis ein eigenskap eg ikkje lenger har. Torsdag kveld spelte vi først fotballkamp, tapte så det sang, og eg øydela leggen min (den har enda ikkje blitt seg sjølv igjen), så gjekk vi ut med vår nye venn Benjamin som syklar på rickshaw. Det var triveleg. Så kom vi heim på natta, og tenkte at det var eit ok tidspunkt å begynne å pakke på. Med eit aldri så lite søvnunderskot, satt vi iallefall på flyet til Christchurch, med to herlege veker på sørøya framføre oss. Livet er ikkje så aller værst! Utsikta i flyvindauget vart betre og betre, her er dei endelause Ringenes Herre-fjella med snødekte toppar, namm!

IMG_3399

Så landa vi då, og der stod vi. Fann oss ein skranke, men dei leigde ikkje ut bil til folk under 25, så vi gjekk til neste. Denne handlinga gjentok vi eittpar gongar, før vi fekk tips om ei tavle med nr. ein kunne ringe til nokre småfirma. Vi ringte 015, og plutseleg hadde vi bil. Vi kalla han Bernt, berre fordi det passa seg, og etter nokre dagar fekk han tilnamnet Harry, etter vår gode venn Harry som vi tross alt sakna litt i skuleferien. Dei neste  16 dagane tok Bernt Harry oss med på eit eventyr vi seint vil gløyme. Dersom eg skal skrive om heile turen kjem det kanskje til å ta nærmare 254 timar, så derfor blir det heller nokre bilete og spesielt utvalgte historier som får gjere nytta denne gongen.

Reiseruta vart til slutt denne: Kaikoura – Nelson – Pupu Springs & Abel Tasman – Westport – Charlston – Greymouth – Franz Josef – Wanaka – Queenstown – Slope Point – Dunedin – Moeraki – Mt Cook – Lake Tekapo – Hanmer Springs – Christchurch. Og vi fekk sett og gjort veldig mykje på to veker, samtidig som vi hadde det veldig kjekt med innsamling av GOOT-poeng. Vi har jobba ganske hardt for å overgå det polske laget, og nok ein gong er vi ganske sikre på at vi kjem til å vinne. Men vi veit alle korleis det gjekk sist gong, så eg skal ikkje påstå noko (berre at vi har supermange poeng, og sannsynlegvis kjem til å knuse samtlege andre lag LETT). 

Nokre høgdepunkt:

Swimming with dolphins in Kaikoura

Swimming with dolphins in Kaikoura

Underworld rafting in the glow worm caves in Charlston

Underworld rafting in the glow worm caves in Charlston

Skydiving Lake Wanaka

Skydiving Lake Wanaka

Galcier Hike, Franz Josef Glacier

Galcier Hike, Franz Josef Glacier

Ski og snowboard i Queenstown

Ski og snowboard i Queenstown

Slope Point - sørligste punkt på NZ

Slope Point - sørligste punkt på NZ

Wild Life Tour i Dunedin, med pingvinar, sjøløver og sel (og visstnok ein heil gjeng sjeldne fuglar, men det var ikkje så spennande eigentleg

Wild Life Tour i Dunedin, med pingvinar, sjøløver og sel (og visstnok ein heil gjeng sjeldne fuglar, men det var ikkje så spennande eigentleg

Surfing i Christchurch

Surfing i Christchurch

Rafting i Hanmer Springs

Rafting i Hanmer Springs

Herlig blanding av norsk og engelsk her. Jaja. Eg køyrer oppramsing i dag, så her kjem nokre høgdepunkt til, type natur og denslags:

Cathedral Cliffs

Cathedral Cliffs

Ringenes Herre-skog

Ringenes Herre-skog

Pupu Springs

Pupu Springs

Harwood Hole - 200 meter djupt hol, der eg valgte å legge frå meg dekselet til kameralinsa mi..

Harwood Hole - 200 meter djupt hol, der eg valgte å legge frå meg dekselet til kameralinsa mi..

Solnedgang og selkoloni ved Cape Foulwind - Westport

Solnedgang og selkoloni ved Cape Foulwind - Westport

Punaikiki - ei av mange knallfine strender på West Coast

Punaikiki - ei av mange knallfine strender på West Coast

Tilfeldig plass - kjekke skyer

Kjekke skyer, location: uviss.

Det var iallefall ein liten smakebit. Eg kjenner at det er for mykje for meg å skrive om denne turen. Eg har sett og gjort og kosa meg alt for mykje til at eg greier å gjengje det på ein verdig måte. Spesielt interesserte får heller ta kontakt, eg fortel gjerne. Vi har hatt det heilt fantastisk, opplevd nye ting kvar einaste dag, køyrt umenneskeleg langt, og ete undøvendig store mengder cookies, sjokolade, pizza og subs. Time of my life, utan tvil. Og sist men ikkje minst har vi samla heftig mange GOOT-poeng. Nokre gongar vil eg påstå at vi faktisk gjekk litt over streken for å få det til, men det har vore verdt det. Vi elskar GOOT-game, og her er kjem eit heilt tilfeldig utvalg GOOT-bilete:

Nelson - Center of New Zealand

Nelson - Center of New Zealand

Punaikiki - Pancake Rocks

Punaikiki - Pancake Rocks

Dunedin - Derek Auchinvole, ein kompis av han som styrer GOOT (7 points for Norway

Dunedin - Derek Auchinvole, ein kompis av han som styrer GOOT (7 points)

Gigantisk Ørret i Gore

Gigantisk Ørret i Gore

Moeraki Boulders (runde steinar på ei strand)

Moeraki Boulders (runde steinar på ei strand)

IMG_4919

Hanmer Springs - Graham Frith, ain annan kompis av Joe

Graham var jammen ikkje lett å finne. Det var eigentleg ikkje med i berekningane av tid at vi skulle rekke innom Hanmer, og vi hadde derfor ikkje gjort nokon innsats på førehand for å finne Graham. Men vi visste at han var der, så vi måtte jo leite når vi først var der. Han stod ikkje i telefonkatalogen, men etterkvart som vi begynte å spørje litt rundt i byen viste det seg at dei fleste kjende han. Han er mannen som syklar posten om morgonen, og kjend for sitt engasjement i friluftsliv. Etter mykje spørjing og graving fekk vi ei adresse, og jammen fann vi ikkje Graham, heime i si eiga stove. Hyggeleg kar.

Bilen må også nevnast, før eg gir meg. Det syns eg. Støtta oss gjennom tjukt og tynt. Han blei brukt til både det eine og det andre, (klesstativ for eksempel, kjempenyttig) og gjennomgå fekk han (fysisk altså), men ikkje EIN gong hørte vi han klage. Det er bilen sin det! Her er meg og Bernt Harry i vakkert gjensyn etter at vi rota han vekk i Blenheim. Skulle berre stoppe for å ete middag, men det var visst ikkje så lett å hugse kvar vi hadde parkert han, i den firkanta byen med kun identiske gater:

Kjærleik.

Kjærleik.

Det er ganske mykje meir eg kunne ha skrive om sørøya, men det får berre halde trur eg. Eg driv nemleg og er student i tillegg, og har andre ting å ta meg til. I helga som var har Kristin kome frå Australia, dei har ferie no, og eg, Kristin og Karina reiste på roadtrip igjen, nordover. Det skal eg fortelje om neste gong eg gidd, for eg gidd ikkje no. Dessutan har Maria bursdag idag, og vi skal ete taco, hurra! Til ære for bursdagsbarnet:

Du er bra søt, glad i deg din tulling!

Du er bra søt, glad i deg din tulling!