Eg beklagar manglande oppdatering dei siste to vekene. Er ikkje alltid like lett å få tid til denne blogginga. Eg har vore flink student, skjønar dokke. Hatt ein sånn ein innspurt før ferien. Derfor har det ikkje berre blitt dårleg med blogging, men også dårleg med eventyr i det siste. Litt her og litt der har vi dog laga plass til, sjølvsagt. Nokre minieventyr her, og litt andre kjekke aktivitetar som ikkje er eventyr der. Forige søndag tok eg og Karina lesefri og reiste på minieventyr til Rangitoto Island, ei lita vulkanøy som ligg berre ein halvtimes båttur frå byen. Sjarmerande øy, med ganske vittig landskap. Lavastein med ripsbusker og andre buskvekstar oppå, og eit gigakrater på toppen. Innover-topp, rett og slett. Ikkje så mange ripsbusker eigentleg, men vedig mange andre busker. Mest tred, faktisk. Gigantiske tred til og med, som var frykteleg gøye å klatre i. Så det var hovudsakleg det vi gjorde på Rangitoto. Klatra i tred, gjekk til topps, og så gjekk vi gjennom eit par lava caves på vegen opp. Grunna manglande lommelykt gjekk vi i bekmørkret og håpte at vi ikkje støtte på digre edderkoppar. Noko vi heller ikkje gjorde, så vidt vi veit. Kamera fungerar ikkje så aller værst som substitutt for lommelykt, så vi klarte ogss rimelig bra. Eit steg, ta bilete, tre steg i antatt riktig retning, nytt bilete, tre nye steg.. Works like a charm. Iallefall med den supersterke superblitsen eg har på superkameraet mitt. Gjennom grotta kom vi nemleg, klatrande ut av eit hol i bakken. 

Sprut, sa det, for 600 år sidan, og vips vart Rangitoto til.

Sprut, sa det, for 600 år sidan, og så var det Rangitoto.

IMG_3239

Til topps.

Til topps.

IMG_3252

Så vart det omsider tid for fotballkamp. Vi tapte. Men det gjorde ingenting, for det var veldig kjekt å spele! Eg kosa meg sikkert nok for heile laget. Det kjekkaste var eigentleg etter kampen, då vi lånte ein ball og spelte berre for gøy. Deilig å koble ut litt no i desse eksamenstider. Her er eit aldri så lite herleg bilete av Ingvild i sin lånte shorts, type: 7 størrelsar for stor i herremodell. (Vi fekk nemleg beskjed nøyaktig to sekund før vi skulle gå at vi måtte huske å ha blå topp og shorts, ikkje lov med bukse. Berre at det er litt vanskeleg å hugse noko ein aldri har blitt fortalt. Festleg.) Klar for kamp!

IMG_3311

Eg kjenner at det rykkjer ganske heftig i reisefoten no, etter alt for lang tid med berre dagsturar. Fantastiske sådan. Ikkje eit vondt ord om dagsturar! Når vi er inne på temaet var vi forresten på ein aldri så liten dagstur her om dagen. Mode of transport: skateboard. Kor mange sheeps må til for å skate? Iallefall ikkje to. Dette kan vel gjerne plasserast i kategorien kjekk aktivitet som ikkje er eit eventyr.

Tryn.

Tryn.

Jauda, vi har sånnt å gjere. Fredag var det ny eksamen i anatomi. (Vidare følgjer eit altfor langt avsnitt, som eigentleg kan oppsummerast med eitt ord: syting. Så dersom du ikkje har interesse av dette, vennligst hopp til neste avsnitt, som ikkje handlar om skule.) Denne gongen skulle vi først kunne alle musklar som var agonistar og synergistar til alle dei ulike bevegelsane, og i del 2 skulle vi bruke dette til å analysere ulike styrkeøvingar. Ganske greit eigentleg, til og med kjekt faktisk. Eg likar anatomi. Likevel dukka det opp ei aldri så lita hake ved det heile. I lang tid har eg gått rundt og innbilt meg at del 2 kom til å innehalde bilete av dei ulike øvingane som skulle analyserast. Dette viste seg å stemme på ein prikk, berre ikkje på denne eksamenen, men på den vi skal ha i november. Problem. Eg kan jo namnet på ein del styrkeøvingar, men av ein eller anna merkeleg grunn var ikkje oppgåvene skrivne på norsk, og då vart det plutseleg litt verre. Så hadde vi ein og ein halv dag då, til å lære alle styrkeøvingane i anatomiboka med tre meter lange namn og ti variasjonar kvar. 115 øvingar i talet. Kjekt for oss det. Trass i panikken som inntraff når vi innsåg denne vesle realiteten, gjekk pugginga overraskande greit når ein kom inn i det. Det som er så kjekt med anatomi er at det er så himla logisk, og godt er det. Så kunne eg uansett stryke nok ein eksamen frå «to do»-lista, for så  å flytte inn op treningssenteret og legge meg i hardtrening til neste eksamen.

 

(Det skjedde visst at dette avsnittet vart syting også, så dersom du har hoppa hit kan du igrunn hoppe eit hakk til, så kjem det seg, eg lovar.) Siste helg før mid semester break, siste innsats til GOOT-game august. Sidan vi måtte nytte tida til lesing og øving til eksamen vart det ingen tur denne helga heller. Dessutan fekk vi oss plutseleg nokre polakkar som rivalar i GOOT-gamet, dei dukka opp ingenstad ifrå. Så var det berre å gjere det ein kunne, og det vi kunne var å gjere eit nytt forsøk på skattejakta som regna vekk forige gong. Laurdag tok vi dermed på oss tenkjehattane, og begynte leitinga etter skjulte clues rundt i Auckland by. Sjølv om vi fann nokre, flaug tida desverre ifrå oss. Inntill måndag ettermiddag hadde vi leda overlegent gjennom heile august. Så kom det polske laget og tok innersvingen på oss ved å løyse heile skattejakta medan VI var flinke studentar. Søndag, 84 – 80, måndag ettermiddag 84 – 109. Søren klype. Passa dårleg med eksamensperiode akkurat i innspurten, gitt. Spørs om eg må vere sint dame på telefonen og forklare AUT at dei i framtida bør bruke litt meir energi på å tilpasse desse eksamensperiodene. Litt hensyn skulle det vel vere muleg å ta til to stakkars GOOT-deltakarar. Eg som var så klar for å vinne (og så skråsikker på at vi skulle det). Nedtur. Men vi har ikkje vore så flinke å reise i det siste, eg skal innrømme det. Så det var vel til pass for oss, tenkjer eg, så får vi heller ta oss kraftig saman og gi enda litt meir i september. Vi slo nokre rekordar sjølv om vi kom på andre plass, og vi får til og med premie! Det hjalp litt. Og så fekk vi fjerd høgste poengsum nokon gong, så det er jo litt kjekt. Det polske laget som slo oss fekk også høgste poengsum nokon gong. Men Two Sheeps Team er ikkje klare til å gi opp så lett. Spesielt ikkje no som sørøya står for tur! Kven veit kor mange poeng som skjuler seg i dei trakter.. Sikkert haugevis! Vi hadde det i det minste veldig kjekt med skattejakt i helga! Skattejakta går ut på å finne utvalgte information boards, som vi må bruke til å løyse ei kode som gir oss cluet til kvar neste information board er å finne. Dersom du vil vite meir om GOOT (til dømes nøyaktig kva rekordar det norske Two Sheeps Team klarte å slå), føl deg fri til å besøke: http://www.goot.co.nz/goot-stuff/goot-game/goot-game-results.html

IMG_3334

Laurdag var eg og Karina på byen og dansa. Dessutan møtte vi Ben, som var ute å sykla fulle folk på rickshawen sin. Det var han som sykla oss når vi var på rickshawtur, for dei som ikkje hugsar denne (særs viktige) detaljen.Vi fekk gratis skyss, sjarmerande som vi er. Så har vi endeleg fått oss ein venn som også levde på 80-talet, ulikt fleirtalet i vår noverande omgongskrets. Forfriskande, verkeleg. Elles har vi hengt ut på gym’en, fleirfaldige timar per dag, øvd og øvd jevnt og trutt, og no har vi alle blitt superflinke styrketreningsinstruktørar. Så dersom du lurer på nøyaktig kva musklar du brukar i eit deadlift, eller om positiv feedback eigentleg er så viktig, så veit eg om fire stk som sit med alle svara. I dag hadde eg min praktiske eksamen, og eg fekk one arm dumbbell row, noko eg synest var heilt ok. Om to dagar skal eg leige ein bil og setje den new zealandske befolkning i fare ved å våge meg ut i dette motsette trafikksystemet. Som im eg ikkje har nok med å forhalde meg til det som er rett veg. Forhåpentlegvis er eg tilbake om eittpar veker. Så får dokke berre ha det så godt så lenge!