Denne veka har det regna. Mykje. Innandørsaktivitetar? Ja takk. Heldigvis for security-John er muffinsbaking ein innandørsaktivitet. Security-John heldt på å lære opp ein ny security-mann, og muffins fekk dei begge to, heldiggrisane. Det er så mangt ein kan gjere med ein haug nysteikte sjokolademuffins. Det beste er å ete dei, og det aller beste er å ete dei ilag med kjekke folk, og is. Vi leita derfor fram eit godt utvalg vennar, og lagde muffinsselskap. Jippi!

CIMG2074

CIMG2085

Det skal ikkje meir til å glede eit barn.

Ellers har dagane gått til trening og skule, og dei går framleis ein heil del raskare enn nødvendig. Om altfor kort tid skal vi ha praktisk eksamen i vekttrening, og det er eigentleg ikkje noko eg ser fram til. Noko eg derimot ser veldig fram til, er å føye det til på lista over ting eg har gjort, for så å reise til sørøya på mid semester break! Så det er berre å øve, øve jevnt og trutt. 

 

Helg igjen, og framleis regn. Planen for fredag var at vi skulle prøve oss på skattejakt i Auckland City, og sanke fleire GOOT-points, men det var visst ein dårleg plan. For det første tok det veldig lang tid når ein måtte ta buss over alt, og for det andre var det så store mengder regn at det rett og slett ikkje var noko kjekt. Så vi utsatte det. Etter å ha svømt rundt i byen ei stund på jakt etter ein Justice of the Peace som kunne skrive under på 18+ card-søknadane våre, reiste vi likegodt heim, bestillte pizza, og krølla oss saman på sofaen med film og sjokolade. Det var ein mykje betre plan! 

 

Laurdag var det tid for å leike bonde for ein dag, då vi reiste på connect trip til Sheep World med skulen. 45 min nord for Auckland fann vi både sol, saudar og ganske mange andre dyr! God stemning. Laurdag i bilete:

CIMG2101

IMG_2965

Skulle ikkje vere lett å fange ål med håv.

Skulle ikkje vere lett å fange ål med håv.

Må man, så må man.

Må man, så må man.

 

Possom Joe :)

Possom Joe 🙂

IMG_3030

IMG_3058

IMG_3076

IMG_3093

IMG_3087

Idag er det nok ein regnvêrsdag. Eigentleg hadde vi tenkt oss til Rangitoto Island på søndagstur, men forholda var ikkje dei beste. Ny endring i planane, og vi reiste heller inn til byen for å sanke litt poeng, i det minste! Gjennomvåte før vi hadde komt til busstoppet, eg treng verkeleg å gå til anskaffelse av paraply.. Litt poeng vart det uansett, for å ha på oss All Blacks-skjorte, og «towing a Buzzy Bee». 

IMG_3097

IMG_3100

Towing a buzzy bee er ikkje så enkelt med hendene over hovudet når snora er null meter lang.

Towing a buzzy bee er ikkje så enkelt med hendene over hovudet når snora er null meter lang.

Poengfordelinga er forresten ikkje til å bli klok på. Forrige helg, når vi gjekk til toppen av Mount Maunganui, som er eit ganske godt stykke frå Auckland (eg minner om at GOOT står for Get Out Of Town), samla vi den nette sum av 2 poeng for det, pluss eitt fordi vi hadde GOOT-genser på biletet. Til samanlikning er det verdt fire poeng (pluss eitt) å ha på seg All Blacks-skjorte, noko ein ganske enkelt kan gjere midt i Auckland sentrum. Er kkje det litt rart? Til saman fem poeng for så lite. Til og med gummistøvlar er verdt meir en Mt Maunganui, noko eg stussar litt på. Men om sant skal seiast er det ikkje lett å få tak i. Ikkje ein einaste gummistøvel i heile Queen Street. Men likevel, støvlar skal vi nok finne utan vidare vanskelegheiter, så 3 poeng er vel å ta litt vel hardt i? Ikkje at eg klagar, eg påpeikar berre den ikkje-eksisterande logikken, det er alt. For dei som lurer, kan eg melde om at The Two Sheeps Team framleis ligg i teten i månadens GOOT-game, vi går for gull! Dersom nokon føler for å bidra til norsk seier, for eksempel ved å donere ein bil, så nøl ikkje med å ta kontakt. No skal eg sjå film.