Har eg sagt at eg har ein veldig kjekk timeplan? Viss ikkje, så sa eg det iallefall no. Ein heilt fantastisk timeplan, faktisk, som er heilt blank (nesten) kvar fredag. Dette har truleg ein nær samanheng med at eg føler det er helg heile tida. Helg, helg, helg, vi gjer ikkje anna enn å ha helg. Det er heilt fantastisk og samtidig litt småfarleg. Istaden for å tenke «Hurra, studiedag!», så latar eg som det er heilt ok med tre dagar helg kvar veke, og tenker «hurra, endeleg helg, då kan eg gjere kjekke ting kun!» istaden. Eventyrlystne-Kristine vinn over Kristine den flittige studenten, gong på gong. Sidan siste forelesning for veka er ferdig torsdag kl. 2, ser eg at dette på sikt kan kome til å utvikle seg til eit problem. Vips så har 5 til 2 forholdet gått over i eit 3,5:3,5 forhold, og eg innrømmer at det kanskje ikkje er berre bra. No som det nærmar seg innspurten før mid semester break, er det visst eittpar ting som helst skulle ha blitt gjort. Eittpar eksamenar til dømes. Men det går seg vel til, det har ein tendens til å gjere det. Eg lever ei stund til på forige anatomieksamen, som eg eigde på, forresten. Dessutan kan eg leve ei stund på at eg fekk spele fotball på onsdag også. Det er altfor lenge sidan eg har fått leika meg med ball i ein idrettshall, og det var ganske fantastisk! Eg har begynt å få nok av tredemølla, og samtlige musklar i kroppen min har tydelegvis gjort det samme. Den har ikkje hatt det heilt godt stakar (kroppen min, altså), sidan han brutalt fekk reoppdage korleis det var å bevege seg i meir enn ei retning. Det er ikkje så greit. Den gode nyheita er at det frå no av blir fotballkamp kvar veke, yay!

 

Når vi ikkje har andre ting å ta oss til her på campus, så lagar vi som regel mat (type: usunn), for dei som ikkje har fått det med seg. Med eller utan ei god unnskyldning. Denne veka hadde vi tilfeldigvis ei særdeles god ei. Vi skuldar atter ein gong på the GOOT-game. 4 poeng til Two Sheeps Team for å ete Pavlova (det er ikkje ei kake, men ein dessert, helsing ein innfødd). Pavlova består av tusen prosent sukker, og kanskje eitt egg, og ikkje så mykje anna. Du tenker kanskje at det beste ville nok ha vore å venta til helga, og det har du heilt rett i. Her kjem den gode unnskyldninga: Vår gode venn Harry er berre 18 år. Det vil seie at han vart fødd i 1991, og eg trur vi alle er einige i at det er ungt. Harry bidro med transport til butikken, samt inside-information om korleis vi skulle gå fram for å konstruere denne herlegheita av ein dessert (det er ikkje berre berre å setje saman botn, krem og frukt). Han gledde seg som den ungen han er til å få ein smak av pavlova. Problemet var berre at han skulle reise torsdag føremiddag, og vi (som dei ansvarlege vaksne menneska vi er) såg ingen annan utveg enn å gje stakaren dessert, om enn midt i veka. Ein skal ikkje plage dei som er yngre enn seg, det veit vi alle, og slik gjekk det altså til. Og slik såg det ut:

Ein botn blir til ein dessert.

Ein botn blir til ein dessert.

Ein dessert blir til pavlova.

Ein dessert blir til pavlova.

MmmmMMm...

MmmmMMm...

 Alle vart glade og høge på sukker, og stemninga var på topp. Til og med våre gode naboar i overetasjen fekk kose seg med det som var att, dermed spreidde gleda seg utover den norske leiligheita sine fire veggar. Eg angrar ikkje eit sekund. Folkehelsearbeidaren i meg veit nemleg at dei sosiale rammene rundt måltidet er minst like viktig for helsa som maten i seg sjølv. Eg har alt mitt på det reine. I tillegg altså, 4 poeng til Norge. Jippi ja ja jippijippijaa!

Prøv å ete med hendene over hovudet å sjå om ikkje du òg treng litt assistanse.

Prøv å ete med hendene over hovudet å sjå om ikkje du òg treng litt assistanse.

Eg innser at eg kanskje var litt vel sjenerøs mot pavlovaen med tanke på plasstileling i dette innlegget. Eg gidd likevel ikkje ta det vekk eller omformulere det, så synd for dokke.

 

Helg igjen (altså fredag), er lik Karina og Kristine på nye eventyr. Denne gong til Warkworth, litt nord for Auckland, for å ride på hest. Dette var sjølvsagt Karina sitt påfunn, men eg var gladeleg med, og kosa meg minst like mykje, til tross for manglande rideskills. Eg vart ikkje akkurat født med ein hest mellom beina, men eg klarte meg rimeleg bra. Eg måtte jo late som eg hadde ei viss peiling, viss ikkje hadde eg sikkert blitt leida rundt i tempo null, og det er jo ikkje kjekt i det heile. Vi våkna opp til nok ein strålande dag, og fekk oss ein kjempefin totimers ridetur med knallblå himmel og sola i nakken. Det gamle ekteparet som budde på garden var verdas søtaste! Bra dag (og 4 poeng, men no føler eg kanskje at eg har masa nok om desse poenga..). 

CIMG2147

CIMG2154

IMG_3150

Tilbake i Auckland hoppa vi på en rickshaw-city-sightseeing-tour på 20 minutt, som faktisk var veldig morsom. Eg har aldri blitt sykla rundt i ein by før, og må seie at det gav meirsmak. Eg likar å sykle, men det var slett ikkje så aller verst å bli sykla heller. Benjamin, som sykla oss, var sjølv student og hadde det som deltidsjobb. Ein kan gjere så mangt på deltid. Fin tur var det i alle fall, og veldig kjekt med nedoverbakke! 

IMG_3167

IMG_3169

(Dessutan fekk vi poeng… :D)